3 Doors Down
3 Doors Down er ei USA-amerikansk hardrockgruppe frå Escatawpa i Mississippi. Bandet vart starta i 1996 av Matt Roberts, Todd Harrell og Brad Arnold.
3 Doors Down | |||
| |||
Opphav | Mississippi, USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1996 - | ||
Sjanger | Hardrock, Grunge | ||
Plateselskap | Universal Republic Records | ||
Medlemmer | Brad Arnold (vokal) Matt Roberts (gitar, vokal) Todd Harrell (bass) Chris Henderson (gitar) Greg Upchurch (trommer) | ||
Tidlegare medlemmer | Richard Liles (trommer) Daniel Adair (trommer) |
Den fyrste singelen til bandet heitte Kryptonite, og gjorde bandet vidgjetne ved at han kom med på den USA-amerikanske Billboard-lista. Debutalbumet deira kom fyrst i år 2000, og fekk namnet The Better Life. Fram til i dag har dei gjeve ut til saman fem studioalbum. Dei tre medlemmene som starta opp bandet er framleis med, og dei har i tillegg Chris Henderson på gitar og Greg Upchurch på trommer.
3 Doors Down skipa i 2003 The Better Life Foundation, ein naudhjelpsorganisasjon som samlar inn pengar for at born i USA skal få eit betre liv. Organisasjonen gav særleg mykje då orkanen Katrina råka sørstatane i USA i 2005.
Diskografi
endreStudioalbum
endre- The Better Life (2000)
- Away From the Sun (2002)
- Seventeen Days (2005)
- 3 Doors Down (2008)
- Time of My Life (2011)
Singlar (utval)
endre- Kryptonite (2000)
- Loser (2000)
- Duck and Run (2001)
- Be Like That (2001)
- When I'm Gone (2002)
- Here Without You (2003)
- Away From the Sun (2003)
- Let Me Go (2004)
- Behind Those Eyes (2005)
- Live for Today (2005)
- Here by Me (2005)