Hardrock (stundom kalla heavy rock) er ein sjanger innan rock som har sine tidlegaste røter i garagerock og psykedelisk rock på midten av 1960-talet. Det vert typisk nytta mykje forvrengd elektrisk gitar, bassgitar, tangentinstrument og trommer. Uttrykket «hardrock» vert i dag ofte nytta som eit generelt omgrep som dekkjer sjangrar som alternativ rock, grunge, heavy metal og pønk for å skilje musikkstilen frå poprock eller softrock.

Kjenneteikn endre

Hardrock er påverka av blues, og den mest nytta skalaen i hardrock er pentatoniske, som er ein typisk bluesskala. I motsetnad til rock and roll (som tar element frå «gammal» blues) nyttar hardrock element frå «britisk blues»[treng kjelde], ein bluesstil som nyttar meir moderne instrument som elektriske gitarar, trommer, keyboard og elektrisk bass. Ein faktor som skil hardrock frå tradisjonell blues er at han sjeldan er avgrensa til I, IV og V-akkordane som dominerer i 12-taktsblues, men inkluderer òg andre akkordar, typisk durakkordar basert på tonar frå moll.

Uttrykket «hard rock» vert ofte nytta om mange rockestilar, og det vanlegaste kriteriet er at han skil seg frå poprock, men dette er oftast ikkje riktig. To døme er punkrock og grunge. Punkrock nyttar eit raskt tempo, mindre melodi og færre riff (ofte med powerakkordar), meir aggressivitet og antisosiale tekstar.

Instrument endre

Dei dominerande instrumenta i hardrock er elektrisk gitar, bassgitar og trommer. Rolla til gitaristen er ofte framtredande i hardrock. Dei fleste hardrockband består av to forskjellige typar gitaristar, ein sologitarist og ein rytmegitarist. Sologitaristen spelar soloar, riff og fill, medan rytmegitaristen utfyller sologitaristen og spelar rytmiske og harmoniske akkompagnement i lag med andre instrument i bandet. Bassisten og trommisen sine roller er viktige for strukturen i hardrock-musikk.

Historie endre

Byrjinga i 1960-åra endre

Ein av dei største påverknadane på hardrock har vore blues, særleg britisk blues. Britiske rockeband som Cream, The Rolling Stones, The Yardbirds, The Who og The Kinks modifiserte rock and roll og starta å med ein hardare stil, tyngre gitarriff, bombastiske trommer og meir lydsterk vokal. Stilen til desse banda danna grunnlaget for hardrock. Tidlege former for hardrock kan høyrast i songar som «You Really Got Me» av The Kinks, «Happenings Ten Years Time Ago» av The Yardbirds, «My Generation» og «I Can See for Miles» av The Who og «Revolution» og «Helter Skelter» av The Beatles.

Samstundes produserte Jimi Hendrix ei form for bluespåverka psykedelisk rock som kombinerte element frå jazz, blues og rock og roll, og danna ein unik stil. Han var ein av dei første gitaristane som eksperimenterte med nye gitareffektar som phaser, feedback og forvrenging, i lag med gitaristar som Dave Davies frå the Kinks, Pete Townshend frå The Who, Eric Clapton frå Cream og Jeff Beck frå the Yardbirds.

Hardrock oppstod med britiske grupper seint på 1960-talet, som Led Zeppelin, som blanda musikk frå tidlege britiske rockeband med ei hard form for bluesrock og acidrock. Deep Purple var pionerar innan hardrock med albuma Shades of Deep Purple (1968), The Book of Taliesyn (1968) og Deep Purple (1969), men dei slo først skikkeleg i gjennom med det fjerde albumet deira, In Rock (1970). Led Zeppelin sitt sjølvtitulerte debutalbum, Led Zeppelin (1969) og The Who sitt Live at Leeds (1970), er døme på byrjinga av hardrock-sjangeren. Bluesopphavet til musikken er tydeleg på desse albuma eit par songar av kjende bluesartistar er omgjort og med på desse albuma.

1970-åra endre

Led Zeppelin sitt tredje album, Led Zeppelin III var meir folkrock-prega enn det andre albumet deira, men hadde likevel eit tungt lydbilete.

Deep Purple si omforming av hardrock heldt fram med albumet deira Machine Head, som òg vert rekna som eit av dei første heavy metal-albuma. To songar på Machine Head vart særs populære, «Highway Star» og «Smoke On the Water», der sistnemnde og gitarriffet på songen har vorte in signatursong for bandet. Eit anna band, Nazareth, innlemma hardrock i stilen sin, som kommersialiserte sjangeren og med bestseljaren Hair of the Dog, påverka dei fleire band som kom seinare.

I 1970-åra utvikla hardrock seg i mange retningar. I 1972 gjorde heavy metal-pioner Alice Cooper heavy metal til ein populær sjanger med albumet School's Out. Året etter gav Aerosmith, Queen og Montrose ut sine debutalbum som gav hardrock ei større breidde. I 1974 debuterte Bad Company og Rush, medan Queen gav ut det tredje albumet sitt, Sheer Heart Attack, med songen «Stone Cold Crazy», som seinare påverka thrash metal-band som Metallica og Megadeth.[1][2] Queen brukte lag på lag med vokal og gitarar og blanda hardrcok med glamrock, heavy metal, progressive rock og til og med opera. KISS gav ut sine første tre album Kiss, Hotter Than Hell og Dressed to Kill, på berre litt over eitt år, og fekk sitt kommersielle gjennombrot med det doble konsertalbumet Alive!. Midt på 1970-talet gav Aerosmith ut dei banebrytande Toys in the Attic og Rocks med element av blues og hardrock som seinare skulle påverke rockeartistar så forskjellige som Metallica, Guns N' Roses og Mötley Crüe.[3][4]

Tommy Bolin døydde i 1976 vart Deep Purple løyst opp. I 1976 gav Boston ut det populære debutalbumeet sitt. Heart vart eit av dei første banda i sjangeren med kvinneleg vokalist.

Etter kvart som disco vart stort i USA og punkrock i Storbritannia byrja hardrocken å verte mindre populær. Disco appellerte til mange fleire menneske enn hardrock og punken såg ut til å ta over den opprørske rolla hardrock ein gong hadde hatt.

Van Halen var ei anna viktig hardrock-gruppe som dukka opp i 1978. Musikken deira var hovudsakleg basert på gitarferdigheitene til Eddie Van Halen, som introduserte ein gitarteknikk kalla tapping. Songen «Eruption» frå albumet Van Halen, demonstrerte denne teknikken og fekk stor innverknad.

I 1979 vart skilnadane mellom hardrock-rørsla og den aukande heavy metal-rørsla tydlegare då australske AC/DC gav ut sist nest største album Highway to Hell. AC/DC sin musikk var hovudsakleg basert på rhythm & blues og tidleg hardrock frå 1970-talet1970s hard rock, samstundes som bandet tydeleg nekta for å verte kalla heavy metal.

1980-åra endre

I 1980 vart Led Zeppelin oppløyst då trommeslagar John Bonham brått døydde. Bon Scott, vokalisten i AC/DC, døydde same året. Med desse to døydde den første «klassiske» hardrockperioden ut. Enkelte band, som Queen, fjerna seg frå hardrockrøtene sine og flytta seg meir mot poprock. AC/DC spelte inn albumet Back in Black med den nye vokalisten Brian Johnson. Back in Black er det femte mestseljande albumet i USA nokon gong.[5] og eit av dei mestseljande i verda. Ozzy Osbourne gav ut det første soloalbumet sitt, Blizzard of Ozz med den amerikanske gitaristen Randy Rhoads.

I 1981 starta det amerikanske Mötley Crüe karrieren med albumet Too Fast for Love, som starta ei ny bølgje med glamrock i musikken, ein stil som vart kalla glam metal. Eit år seinare voks denne sjangeren med band som Twisted Sister og Quiet Riot.

Same året, i 1983, gav Def Leppard ut albumet Pyromania, som mellom anna nådde andreplass på albumlista i USA. Musikken deira var ei blanding av glam rock og heavy metal, som påverka mange andre hardrockband i 1980-åra.

Same året gav Mötley Crüe ut det populære albumet Shout at the Devil. Van Halen sitt album 1984 vart òg ein stor suksess, særleg med songen «Jump», som gjekk til topps på listene i mange land.

Siste halvdel av 1980-åra var den mest kommersielt suksessfulle perioden for hardrock.[6] Fleire hardrock band fekk store hittar, og eit av desse var albumet Slippery When Wet (1986) av Bon Jovi, som låt totalt åtte veker på toppen av Billboard-lista i USA og vart det første hardrockalbumet med tre Topp 10-singlar. To av desse nådde førsteplassen. I tillegg nådde den svenske songen «The Final Countdown» av Europe førsteplassen i 26 land i 1986.

I 1987 vart Appetite for Destruction av Guns N' Roses og Hysteria av Def Leppard, Girls, Girls, Girls av Mötley Crue og Whitesnake sitt sjølvtittulerte album dei mestseljande platene.

1990-åra endre

I starten av 1990-åra dominerte banm som Guns N' Roses, Metallica og Van Halen, men desse banda vart etter kvart mindre populære og i 1991 oppstod ei ny form for hardrock.

Grunge kombinerte element frå hardcore punk og heavy metal til ein meir skitten stil som nytta sterkt forvrengd gitar. Sjølv om dei fleste grungebanda (som Nirvana, Mudhoney, L7) hadde ein stil som skilde seg kraftig frå populære eksisterande hardrock på denne tida var andre grungeband, som Alice in Chains, Mother Love Bone, Pearl Jam og sjølv Soundgarden, meir påverka av hardrock frå 1970- og 1980-talet. Alle grungebanda som oppstod på denne tida hadde derimot fjerna seg frå den mandige, motefokuserte stilen hardrocken hadde på denne tida.

Band som Metallica og Van Halen klarte å oppretthalde populariteten sin inn i 1990-åra, og andre band byrja å blande metal med fleire andre stilar. Stilen til desse banda vert stundom kalla alternativ metal. Enkelte av desse, som Primus, Red Hot Chili Peppers, Rage Against the Machine, Living Colour og White Zombie blanda funk med metal. Faith No More/Mr. Bungle blanda mange stilar med hardrock, som rap og soul. Helmet og The Afghan Whigs var òg populære eksperimentelle hardrockband. The Darkness sin retroaktige glam metal stil gjorde dei populære tidleg på 2000-talet i lag med band som Wolfmother.

Kjelder endre

  1. Queen's 'Stone Cold Crazy' first thrash riff Arkivert 2002-10-01 ved Wayback Machine. (networx.com 'History of Heavy Metal')
  2. Stone Cold Crazy trash precursor (Alternative Press magazine)
  3. RollingStone.com, arkivert frå originalen 1. oktober 2007, henta 15. september 2008 
  4. Blabbermouth.net
  5. http://www.riaa.com/gp/bestsellers/topalbums.asp
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. november 2011, henta 15. september 2008