7. strategiske missildivisjon
7. strategiske missildivisjon med hovudkvarter i Oziornyj i Tver oblast er ein av missildivisjonane i 27. strategiske rakettarmé i Det russiske forsvaret. Divisjonen har hatt den mobile SS-25 sidan 1994, og hadde i 2016 berre to regiment att med slike våpen:
- 41. strategiske missilregiment (plattform 1S)
- 510. strategiske missilregiment (plattform 3K)
Divisjonen har dessutan ei rekkje støtteelement, mellom anna ein bataljon for etterretning og vakthald. Utviklingsplanen for 2017 var å sette inn SS-29 i staden for SS-25, men i september 2017 hadde dette ikkje hendt, slik at divisjonen ikkje hadde operative missil på denne tida.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «7-я гвардейская ракетная дивизия» frå Wikipedia på russisk, den 5. februar 2017.
Litteratur
endre- «Военный энциклопедический словарь ракетных войск стратегического назначения» / Министерство обороны России.; Гл.ред.: И. Д. Сергеев, В. Н. Яковлев, Н. Е. Соловцов. — Москва: Большая Российская энциклопедия, 1999. — 632 с. — 8500 экз.
- «Владимирская ракетная стратегическая: краткая хроника основных событий истории ракетной армии» / Сост. И. В. Вершков и др., под ред.: В. Г. Гагарина. — Владимир: Аркаим, 2006. — 480 с. — 2000 экз.