Det russiske forsvaret

Det russiske forsvaret eller Dei væpna styrkane til den russiske føderasjonen (russisk Вооружённые си́лы Росси́йской Федера́ции) er militærvesenet i Russland, sist etablert etter oppløysinga av Sovjetunionen. Den 7. mai 1992 etablerte Boris Jeltsin det russiske forsvarsdepartementet og plasserte alle styrkar i dei tidlegare sovjetiske væpna styrkane i Russiske SFSR under russisk kontroll.[1]

Banneret til Det russiske forsvaret
Våpenskjoldet til Russlands forsvar (medium emblem)

Øvstkommanderande er den russiske presidenten, for tida Vladimir Putin. Regjeringa er ansvarleg for at styrkene er i nødvendig beredskap. Det russiske parlamentet (Statsdumaen) utøver lovgjevande makt gjennom regjeringa. Administrasjonen av militærvesenet er styrt av forsvarsdepartementet, medan generalstaben har operative oppgåver.

HistorieEndra

 
Militærparade i Moskva på seiersdagen 9. mai 2010, det vil seia frigjøringsdagen 65 år etter Den store fedrelandkrigen (andre verdskrig aust i Europa).

7. mai 1992 signerte Boris Jeltsin dokumentet som etablerte Russlands væpna styrkar, ein prosess som starta når russiske soldatar utstasjonert i dei tidlegare sovjetrepublikkane og andre land (slik som Gruppa av sovjetiske stridkrefter i Aust-Tyskland, der dei fleste var) vart trekt tilbake til russisk territorium.

Omtrent 30 divisjonar med infanteri, stridsvogner og luftbårne styrkar, over 50 brigadar med artilleri og luftvern og over 60 regiment med luftstridkreftar vart returnert tilbake til Russland i dei påfølgjande to åra. Over 45 000 einingar med tyngre våpen og nesten fire millionar tonn strategiske reserver vart òg trekt attende. Dette vart den største militære omdisponeringen i historia.

Heilt sidan Sovjetunionen hadde brote saman hadde russiske leiarar diskutert korleis dei skulle få til eit einskapleg og truverdig forsvar ut av restane av dei tidlegare sovjetiske styrkane. Den nye russiske doktrinen kravde eit mindre, lettare og meir mobilt forsvar, med høgare grad av verva og større evner til å raskt mobilisera.

Den svake russiske økonomien på 1990-talet gjorde reformer og modernisering vanskeleg. Forsvarsbudsjettet var lågt, noko som førte til kutt i trening, reduksjonar i løn og bustadmangel for militært personell. Dette gjekk hardt utover moralen og effektiviteten i forsvaret, men auka budsjett dei siste åra har gjort lite for å betra situasjonen.

Då Putin tok over presidentskapet i 2000 var tilstanden til det russiske forsvaret omtrent det same som når Sovjetunionen kollapsa. Mykje av utstyret var minst eit tiår gammalt, og berre delar av dette kunne framleis kallast effektivt. Korrupsjon var òg eit problem, og den første Tsjetsjeniakrigen tappa reservar og utstyr frå forsvaret. Putin sjølv karakteriserte militærvesenet på den tida som «eit tungrodd og ekstragavant militærapparat». Militær- og politivesenet på den tida brukte over ein tredjedel av budsjettet til nasjonen. I Putins første term vart forsvaret omorganisert, og redusert i storleik med opp til 30 %.

Planen for reduksjon av talet på militære einingar under reforma som byrja i 2008 var slik:[2]

Forsvarsgreiner 2008 2012 Reduksjon
Hæren 1,890 172 -90 %
Dei russiske luft- og romfartsstyrkar 347 186 -54 %
Marinen 240 123 -49 %
Dei strategiske rakettstyrkane 12 8 -33 %
Luftlandestyrkane 6 5 -17 %

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Greg Austin og Alexej Muravjev, The Armed Forces of Russia in Asia, Tauris, 2000, side 130
  2. «Reform of the Russian Armed Forces». En.rian.ru. Arkivert frå originalen 22. januar 2012. Henta 24. mars 2014. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Det russiske forsvaret