7 Days and a Miracle
7 Days and a Miracle er ei norsk kristen pop/rock-gruppe frå Toten som starta opp i 1994.[1]
7 Days and a Miracle | |||
Opphav | Toten | ||
---|---|---|---|
Aktiv | ca. 1994- | ||
Sjanger | Rock, pop | ||
Plateselskap | Master Music | ||
Medlemmer | Lewi Bergrud (vokal, gitar) Geir Holten (slagverk) Ronny Ødegård (tangentar) Knut Bjørnar Asphol (gitar) | ||
Tidlegare medlemmer | Knut Anders Sørum (vokal) |
Historie
endreGruppa starta opp under namnet Expect a Miracle med medlemmene Knut Anders Sørum (vokal), Lewi Bergrud (vokal, gitar) og Geir Holten (slagverk). Dei debuterte med EP-en Follow You i 1996,[2] og følgde opp med studioplata Open Mind i 1999.[3]
Både stilen og namnet deira endra seg noko til oppfylgjaralbumet Approach You frå 2003. Dette gav dei ut under bandnamnet Expect.[4] Etter dette forlét vokalist Knut Anders Sørum bandet for å satsa meir på soloprosjekt. Eitt av desse vart å representera Noreg i Eurovision Song Contest 2004 med låta High.[5]
Dei gjenverande bandmedlemmene gjekk etter dette saman med Ronny Ødegård og Knut Bjørnar Asphol og danna 7 Days and a Miracle.[6] Plata med same namnet vart utgjeven på Master Music i 2006. Ein restaurert versjon av same plata kom i 2010.[7]
Diskografi
endre- Follow You (EP, 1996)
- Open Mind (1999)
- Approach You (2003)
- 7 Days and a Miracle (2006)
Referansar
endre- ↑ 7 Days and a Miracle på NRK Urørt
- ↑ Biografien til Knut Anders Sørum, arkivert frå originalen 4. desember 2010, henta 22. august 2011
- ↑ Open Mind hjå Mudistore.no[daud lenkje]
- ↑ Diskografi: utgjevingar med Knut Anders Sørum, arkivert frå originalen 6. mars 2016, henta 22. august 2011
- ↑ Krigsropet, nr. 21, 2004: Grand Prix-klare Knut Anders: - Troen handler alt om Jesus.[daud lenkje]
- ↑ Crossrhythms.co.uk om 7 Days and a Miracle
- ↑ Plata 7 Days and a Miracle hjå Mudistore.no[daud lenkje]