932 Hooveria

asteroide

932 Hooveria er ein hovudbelteasteroide. Han er ein karbonhaldig C-type-asteroide (Ch) med ein lang rotasjonsperiode på 78,4 timar. Asteroiden blei oppdaga den 23. mars 1920 av Johann Palisa ifrå Universitäts-Sternwarte Wien,[1] og gjeven namn etter Herbert Hoover (1874–1964), den dåverande handelsministeren i USA som seinare blei president.[2]

932 Hooveria
Oppdaging
Oppdaga avJ. Palisa
Oppdagingsdato23. mars 1920
Baneskildring
Epoke 2454600,5 JD (14. mai 2008)
Aphel394,576 mill. km (2,638 AE)
Perihel329,568 mill. km (2,203 AE)
Eksentrisitet0,090
Banehelling8,123°

Kjelder

endre
  1. «932 Hooveria (A920 FC)». Minor Planet Center. Henta 17. februar 2020. 
  2. Schmadel, Lutz D. (2007). «(932) Hooveria». Dictionary of Minor Planet Names. Springer Berlin Heidelberg. s. 83. ISBN 978-3-540-00238-3. doi:10.1007/978-3-540-29925-7_933.