Krøllalfa

(Omdirigert frå @)

@ eller krøllalfa er eit teikn, som mellom anna vert brukt mykje i e-postsamanheng. Då Ray Tomlinson i 1971 fann på å sende e-post mellom to datamaskiner på Arpanet og skulle velje ein måte å skrive e-postadressa på, hadde han bruk for eit teikn til å skilje personnamnet frå datamaskina (eller staden) sitt namn. Behovet var eit teikn, som ikkje inngår i eit personnamn, firma eller stadnamn, og som finst på eit normalt tastatur.

engelsk vert @ uttala som «at», altså ved, på eller hos. E-post-adressa bill@example.com tyder med andre ord «Bill hjå Example».

I eit anna tidleg datasystem vart @ brukt til å lage linjeskift, sidan teiknet ikkje vart brukt som eit normalt teikn[treng kjelde].