Wikimedia Commons

Wikimedia Commons er eit Wikimedia-prosjekt som starta den 7. september 2004. Commons på engelsk språk tyder sams eller felles. Det kan og visa til ei allmenning.

Wikimedia Commons-logoen

Commons er ei database med ulike filer, som bilete, videoar og lyd, som er heilt eller delvis frigjevne frå opphavsrettsvernet. Filene kan lastast ned av alle, men hovudmålet for prosjektet er at det skal kunna brukast av dei andre Wikimedia-prosjekta som til dømes Wikipedia, Wiktionary og Wikibooks.

Prosjektet prøver å vera internasjonal og språknøytralt. Det vil seia at dokumentasjonen skal omsetjast til så mange språk som råd, og at filene ikkje alltid blir skildra eller sorterte på engelsk.

BakgrunnsstoffEndra

Nokre filer frå Wikimedia Commons
Animert månelibrasjon. Blad av rundsoldogg
(Drosera rotundifolia).
Skadd bustadblokk
i Kyiv mars 2022.
Lydfiler
 
 
 

Første sats (Allegro non molto) av Vinter , frå Dei fire årstidene av Antonio Vivaldi

Fuglesong  ved Báben sitt minnesmerke i Haifa i Israel.

Tala frå null til ti mandarinkinesisk.

Fleire