Opna hovudmenyen

A'ali (arabisk عالي) er ein av dei største byane i Bahrain. Han var tidlegare ein del av kommunen Mintaqah, men sidan 2001 har han lege i Sentralguvernementet. A'ali er kjend for dei eldgamle gravhaugane, og særleg særs store gravhaugar midt i sentrum av byen.[1] A'ali er òg kjend for keramikkhandverk, som ein kan sjå og kjøpe i dei mange keramikkbutikkane i A'ali.[2]

A'ali
عالي
by
A'ali Burial Mounds.jpg
Land Flag of Bahrain.svg Bahrain
Koordinatar 26°09′07″N 50°31′32″E
Folketal 100 553 (2012)
Bahrain adm location map.svg
Locator Red.svg

A'ali ligg midt på Bahrain, sør for Isa by og nord for Riffa.

KjelderEndra

  1. «Go Reader Go». The Irish Times. 29. november 2008. s. 15. 
  2. «Feats of Clay». Bahrain Guide. Henta 2. september 2012.