Arabisk
Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.
Arabisk عربية Arabiyya | ||
Klassifisering | afroasiatisk semittisk | |
Talarar | arabarar | |
Bruk | ||
Tala i | Algerie, Bahrain, Egypt, Irak, Israel, Jemen, Jordan, Kuwait, Libanon, Libya, Mauritania, Marokko, Oman, Palestina, Qatar, Saudi-Arabia, Sudan, Syria, Tunisia, Dei sameinte arabiske emirata, og i mange andre land som minoritetsspråk | |
Område | Den arabiske verda | |
Arabisktalande i alt | 225 millionar (Ethnologue) | |
Rangering | Det fjerde mest utbreidde språket | |
Skriftsystem | Arabisk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Algerie, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Djibouti, Egypt, Eritrea, Irak, Israel, Jemen, Jordan, Komorane, Kuwait, Libanon, Libya, Mauritania, Marokko, Oman, Palestina, Qatar, Saudi-Arabia, Sudan, Syria, Tunisia, Tsjad | |
Normert av | Egypt: Academy of the Arabic Languages | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ar | |
ISO 639-2 | ara | |
ISO 639-3 | ara | |
|
Klassifisering
endreI lag med maltesisk dannar arabisk den sørlege greina av dei sentrale semittiske språka. Dei andre nolevande språka i gruppa av sentrale semittiske språk er arameisk og hebraisk.
Geografisk område
endreArabisk språk blir snakka som daglegspråk i heile den arabiske verda og som liturgisk språk i alle muslimske land.
Offisiell status
endreListe over språk, region eller kommunar der språket har offisiell status.
Dialektar
endreTermen arabisk viser som regel til klassisk arabisk (språket i Koranen). I ulike arabiske land snakkar folk arabisk på ulik måte, hadde det ikkje vore for samlinga rundt eit felles skriftspråk (skrive med det arabiske alfabetet) ville vi ha rekna dei ulike arabiske talarane som talarar av ulike språk.
Avleidde språk
endreMaltesisk var i utgangspunktet ein arabisk dialekt men skil seg no frå arabisk på mange felt, både innanfor fonologi, morfologi og ordforråd.
Lydsystem
endreVokalar
endreKlassisk arabisk har tre vokalar, a, i, u. Kvar av desse kan vera kort eller lang. I moderne arabiske dialektar finn ein òg vokalane e (oftast som variant av i eller a) og o (oftast som variant av u eller a).
Konsonantar
endreBilabial | Inter- dental |
Dental | Emfatisk dental |
(Alveo-) Palatal |
Velar | Uvular | Faryn- gal |
Glottal | ||
Plosivar | Ustemte | t | t̴ | k | q | ʔ | ||||
Stemte | b | d | d̴ | ʤ¹ | ||||||
Frikativar | Ustemte | f | θ | s | s̴ | ʃ | x | ħ | h | |
Stemte | ð | z | ð̴ | ɣ | ʕ | |||||
Nasalar | m | n | ||||||||
Lateralar | l² | |||||||||
Rhotisk (trill) | r | |||||||||
Halvvokalar | w | j |
Tabellen nyttar symbol frå det internasjonale fonetiske alfabetet.
Fonologi
endreArabisk er kjend for det høge talet på bakre konsonantfonem.
Grammatikk
endreDet arabiske språket byggjer på eit rotsystem, som så ofte når det kjem til semittiske språk. Kvart ord har ei grunnleggjande rot på (som oftast) tre konsonantar. Til dømes verbet kataba, som tyder 'å skrive' (bokstavleg 'han skreiv'), består av konsonantane k, t og b. Dei same rotkonsonantane kan ein finne i ordet maktbab ('eit kontor' eller 'ein pult'). Då kan ein sjå at rota k-t-b famnar om eit spesielt emne, nemleg skriveaktiviteten.
Låneord byggjer som oftast ikkje på noko rot, men vert transkribert direkte til arabisk skrift.
Verb
endreVerb på arabisk kan delast inn i to hovudformer: perfekt og imperfekt. Perfekt vert i hovudsak nytta for fortid, medan imperfekt vert nytta for notid og framtid. Likevel er det mange unntak frå denne regelen.
Perfekt og imperfekt kan vidare delast inn i to underformer: aktiv og passiv. Generelt så kan ein seie at aktiv-forma er der utøvaren av handlinga er aktivt med på det. Medan i passiv-forma så vert noko gjort. Til dømes:
- kataba (perfekt, aktiv) tyder 'han skreiv'.
- kutiba (perfekt, passiv) tyder 'det vart skrive'.
- yaktubu (imperfekt, aktiv) tyder 'han skriv'.
- yuktabu (imperfekt, passiv) tyder 'det vert skrive'.
Kasus
endreArabisk har tre aktive kasus: Nominativ, akkusativ og genitiv.
Ordforråd
endreSkriftsystem
endreArabisk blir tradisjonelt skrive med ulike skriftsystem i ulike kulturar. I den muslimske fleirtalskulturen i det arabiske språkområdet brukar ein så og seie utelukkande det arabiske alfabetet. I sefardisk og mizrahisk jødisk kultur vart arabisk derimot oftast vorte skrive med det hebraiske alfabetet heilt fram til vår tid. Språkforma i dei jødiske tekstane er òg kjend som judeoarabisk eller jødearabisk. I vestleg kultur, ved chatting og SMS-kommunikasjon, kan arabisk bli skrive ved hjelp av tal og latinske bokstavar; ei engelskpåvirka skriveform som går under slangnamnet aralish eller arabish.
Døme
endreNorsk | Arabisk | Romanisering (ALA-LC) | IPA |
---|---|---|---|
ja | نَعَمْ | naʿam}} | /naʕam/ |
nei | لا | lā | /laː/ |
hei | مَرْحَباً | marḥaban | /marħaban/ |
velkomen | أَهْلاً | ahlan | /ahlan/ |
adjø | مَعَ السَّلامَةِ | maʿa as-salāmah | /maʕ assalaːmah/ |
takk | شُكْرًا | shukran | /ʃukran/ |
orsak | عَفْوًا | ʿafwan | /ʕafwan/ |
eg snakkar ikkje arabisk | لا أَتَكَلَّمُ الْعَرَبيَّةَ | lā atakallamu al-ʿarabīyah | /laː ʔatakallam ulʕarabiːja/ |
eg veit ikkje | لا أَعْرِفُ | lā aʿrif | /laː ʔaʕrif/ |
eg er svolten | أنا جائِعٌ | anā jāʾiʿun | /ʔanaː dʒaʔiʕun/ |
ein | واحِد | wāḥid | /waːħid/ |
to | إِثْنان | ithnān | /iθnaːn/ |
tre | ثَلاثَة | thalāthah | /θalaːθah/ |
fire | أَرْبَعَة | arbaʿah | /ʔarbaʕah/ |
fem | خَمْسَة | khamsah | /xamsah/ |
seks | سِتَّة | sittah | /sitah/ |
sju | سَبْعَة | saba'ah | /sabʕah/ |
åtte | ثَمانِيَّة | thamaniah | /θamaniːjah/ |
ni | تِسْعَة | tis'aah | /tisʕah/ |
ti | عَشَرَة | asharah | /ʕaʃarah/ |
elleve | إِحدَى عَشَر | eḥda ashar | /ʔeħda ʕaʃar/ |
Bakgrunnsstoff
endre