ABM-avtalen
ABM-avtalen, eller Anti-Ballistic Missile Treaty, var ein avtale mellom USA og Sovjetunionen om avgrensing av anti-rakettsystem brukt for å verna område mot rakettar med kjernefysiske ladningar.
Avtala vart underteikna den 26. mai 1972 av USAs president Richard Nixon og Sovjetunionens generalsekretær Leonid Bresjnev. Avtala var verksam i 30 år, frå 1972 til 2002.
Den 13. juni 2002, etter å ha gjeve dei naudsynte førehandvarselet til 6 månader, trekte USA seg einsidig frå avtalen.