Richard Milhous Nixon (9. januar 191322. april 1994) var ein politikar i Sambandsstatane. Som politikar representerte han det republikanske partiet. Han var visepresident i USA frå 1953 til 1961 og president frå 1969 til 1974. Han var nummer 37 i rekkja over presidentar. Han er den einaste som har vorte vald to gonger både som visepresident og president. Han vil alltid bli hugsa som fyrste og til no einaste amerikanske president som har gjeve frå seg embetet. Han måtte gå av i samband med Watergate-skandalen.

Richard Milhous Nixon

President i USA
Periode20. januar 19699. august 1974
PartiDet republikanske partiet i USA
Fødd9. januar 1913 i Yorba Linda i California
FødestadYorba Linda
Død22. april 1994 i New York City i staten New York
DødsstadManhattan
MorHannah Milhous Nixon
FarFrancis A. Nixon
EktefellePat Nixon
BarnTricia Nixon Cox, Julie Nixon Eisenhower
MedlemAmerican Legion
Veterans of Foreign Wars
FøregangarLyndon B. Johnson
EtterfølgjarGerald Ford

Nixon si tid som president vart dominert av Vietnamkrigen.

Spire Denne historieartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.