AK-74 er eit automatgevær i kaliber 5,45 x 39 mm utvikla tidleg i 1970-åra i Sovjetunionen av Mikhail Kalasjnikov. Det var den første sovjetiske rifla som vart kamra i eit middels riflekaliber. Våpenet vart innført i 1974, og vart blant anna brukt av sovjetiske styrkar under krigen i Afghanistan. Namnet til våpenet er ei forkorting for Avtomat Kalashnikova model 1974, Автомат Калашникова образца 1974 года: Автомат Калашникова образца 1974 года; «Kalashnikov automatgevær modell 1974». Våpenet er no i bruk i dei fleste tidlegare delar av Sovjetunionen.

Ein bulgarskprodusert AKS-74U
Russisk marineinfanterist med ein sein modell av AKS-74
Ein ukrainsk marinesoldat væpna med AKS-74U

Design endre

AK-74 er i hovudsak ein oppdatert versjon av 7,62 mm automatgeværet AKM, men har fleire viktige forbetringar. Endringane kjem hovudsakleg av at våpenet er tilpassa den mindre 5,45 x 39 mm riflepatronen. Resultatet av desse endringane er eit meir presist og driftssikkert våpen enn AKM. Våpenet har ein del felles delar med AKM, hovudsakleg låsepinnar, fjørar og skruar.

Våpenet har eit nytt forsterka løp som er forkromma innvendig, og har ei riflestiging på 1:8.

Variantar endre

Ein av hovudvariantane er AKS-74 (S – So skladnym prikladom) med foldbar kolbe i metall. Denne varianten, som vart konstruert med tanke på luftborne infanteristyrker, vart introdusert samtidig med basismodellen AK-74. I motsetnad til AKMS er kolben til AKS-74 triangelforma, og manglar den foldbare kolbekappa som AKMS har, noko som gjer kolben stivare. Kolben vert folda inn på venstre side av låskassa. Den hengsla foldekolben vert låst i utbretta posisjon av ein låsemekanisme i bakkant av låskassa. Utløysarknappen for låsemekanismen sit på venstre side av låskassa. Når kolben er folda inn, vert han halden på plass av ein fjørbelasta mekanisme. Bakre reimfeste sit på høgre side i forkant av kolben.

I 1979 vart ein kortare variant av AKS-74 teken i bruk – karabinen AKS-74U (U – Ukorochenniy), som dekker gapet mellom ein maskinpistol og eit automatgevær. Denne var tenkt brukt hovudsakleg av spesialstyrkar, luftbore infanteri, styrkar i dei bakre linjene og mannskap på pansra køyretøy. Våpenet sine kompakte dimensjonar, samanlikna med AKS-74, vart oppnådd ved å bruka eit kort 200 mm løp, noko som òg gjorde at overføringsarmen til gasstempelet vart kortare. For å stabilisera prosjektilet i det korte løpet, vart òg riflestiginga forandra. Den nye gassblokka er montert ved munningen av løpet. Våpenet brukar ein ny sylinderforma flammedempar. Flammedemparen vert låst i gassblokka i eit spor på høgre side. Fremre remfeste vart flytt til venstre side. Frontsiktet på våpenet er integrert i sokkelen til gassblokka.

Kjelder endre