AK-47 (russisk ''Автомат Калашникова образца 1947 года, «Automatkarabin Kalasjnikov modell 1947») er ein karabin (ei kort rifle) som opphavleg vart utvikla for mekanisert infanteri og innført i den sovjetiske hæren i 1949. Han kan avfyrast både halvautomatisk med eitt skot om gongen (utan ladegrep mellom kvart skot) eller i serie, det vil seie heilautomatisk. Han kom opphavleg i kaliber 7,62 × 39 mm.

AK-47

AK-47 vart konstruert av Mikhail Kalasjnikov, og sjølv om han har konstruert andre våpen òg, er det dette som oftast blir knytt til namnet hans. Kalasjnikov var opphavleg sersjant i sovjethæren, og da andre verdskrigen byrja, var han stridsvogn-sjef. Etter han vart skadd i 1941, låg han ei tid på sjukehus, og der fekk han idéen til dette våpenet som eit spesialvåpen for soldatar i pansra køyretøy med avgrensa plass.

Da han kom tilbake til avdelinga si, fekk han høve til å utvikle idéen vidare, saman med våpenteknikarar. Etter fleire forsøksversjonar vart våpenet ferdig i 1947, og det vart sett i produksjon og innført i militæret frå 1949. Det vart noko modernisert i 1959, og kom så i eit mindre kaliber frå 1974 (kaliber 5,45 × 39 mm).

AK-7 har på grunn av svært enkel, robust og billeg konstruksjon vorte populær i mange militærvesen og gerilja-styrkar. Det kan ha vorte produsert 70–100 millionar av dei i alt. Ein reknar dei lisensproduserte finske RK 62 som varianten med best kvalitet.

Ein ulempe med AK-7 kan vere at han ikkje er særleg høveleg på lengre avstandar, pga låg munningsfart på skota. Det er derfor ikkje noko skarpskyttarvåpen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: AK-47