APP-6A er ein NATO-standard for kartsymobler. Den opphavlege versjonen, APP-6, stammar frå 1986, og APP-6A vart teken i bruk i 2001. Dokumentet som skildrar standarden heiter STANAG 2019 (noverande utgåve 4), og i USA vert omtalt den som MIL-STD-2525B.

Denne artikkelen viser berre eit lite utdrag av standarden, som er på hundrevis av sider med detaljerte symbol.

Eininga si tilhøyre eller lydnad endre

Om ei eining er vennleg, nøytral, ukjent eller fiendtleg vert vist med fargen og forma på symbolet.

Ukjent Vennleg Nøytral Fiendtleg
       

Avdelingstypar endre

På innsiden av symbolet vert kva vist slags avdeling det er snakk om. Nokre få døme:

Avdelingssymbol Typen til avdelinga
  Luftvern
  Panservern
  Panser
  Artilleri
  Flystyrke (Helikopter)
  Flystyrke (Konvensjonelle fly)
  Ingeniørtroppar
  Infanteri (Etter kryssreimene til Napoleons infanteri)
  Vedlikehald
  Sanitet
  Oppklaring (eller kavaleri; inspirert av sabelstroppen til kavaleristen)
  Samband

Desse symbola kan òg kombinerast, for å representera til dømes mekanisert infanteri. Det finst òg modifikatorer til symbola, som ikkje kan verka på eiga hand:

Modifikator Tyder
  Luftmobile styrkar
  Luftbårne styrkar
  Amfibiske
  Motoriserte
  Berg
  Forsyning

Over symbolet kan eit anna symbol for storleiken til avdelinga visast.

Anna informasjon endre

Nede til venstre for symbolet kan namnet på avdelinga visast og nede til høgre kan namnet på høgare avdeling avdelinga tilhøyrer visast. Som eit døme kan vi sjå på kompani A eigen 42. mekaniserte infanteribataljon:

 

Ein fiendtleg motorisert panservernsdivisjon, ei type avdeling som ikkje finst, kunne sett ut slik:

 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre