For stridsvogner utan motor, sjå hestestridsvogn.

Ei stridsvogn, òg kalla ein tanks,[1] er i moderne tid eit beltedrive heilpansra kampkøyretøy utstyrt med kanon. Kanonen er vanlegvis montert i eit dreibart tårn og kan brukast til nedkjemping av pansra køyretøy. Som regel kan stridsvogna òg vera utstyrt med ei eller fleire mitraljøser, missil, rakett- eller rekylfrie våpen og liknande[2] til bruk mot infanteri, fly eller upansra køyretøy.

Amerikansk M1A1 Abrams stridsvogn
Leopard 2A4 under ei øving.

Ein kan skilja mellom lette stridsvogner (under 25 tonn), middelstunge (opptil 50 tonn), tunge (over 50 tonn) og supertung (rundt 100 tonn eller meir). I nyare tid er det blitt vanlegare å skilja mellom hovudstridsvogn (engelsk Main Battle Tank eller MBT) og lett stridsvogn.[2] Dei fleste moderne stridsvognene har eit mannskap på fire – vognkommandør, skyttar, ladar og vognførar. Somme stridsvogner, spesielt russiskproduserte vogner, er utstyrt med automatladar og har då eit mannskap på tre.

Stridsvogna vart utvikla under 1. verdskrigen, i hovudsak for å trenga gjennom piggtrådsperringar og skyttargraver. Storbritannia var den første nasjonen som nytta stridsvogner i kamp, under slaget ved Somme 15. september 1916, med ein meir vellukka bruk i slaget ved Cambrai i 1917. Tyskland utvikla stridsvogner og brukte dei i den spanske borgarkrigen og seinare i «lynkrigen» ved byrjinga av andre verdskrigen.[2] Innføringa av stridsvogna endra moderne krigføring med bruk av pansertroppar.

Den norske hæren har stridsvogner av typane Leopard 1 og Leopard 2. Tidlegare har dei brukt mellom anna amerikanske M24 Chaffee lette stridsvogner, tyske Panzer III og amerikanske M48 Patton.

Historie endre

Første verdskrigen endre

 
Den første stridsvogna som vart brukt i krig, britiske Mark I (fotografert i 1916) med Solomon-kamuflasje.
 
Erobra britisk stridsvogn under den første verdskrigen. Framparten av belta går høgt over bakken for å kunne klatre over hindringar. Kanonane er monterte i sida for å få tyngdepunktet så lågt som mogleg

Winston Churchill hadde sett Rolls-Royce-panserbilar i bruk i 1914, og hadde høyrt om planar om å lage eit beltegåande kampkøyretøy. Hæren og krigsminister lord Kitchener hadde ikkje trua på prosjektet, så det vart Churchill som marineminister, som sette ned den såkalla Landskipskomiteen for å utvikle det nye våpenet.[3] Sjølv om stridsvogner opphavleg vart kalla landskip av komiteen, vart det endelege namnet tankengelsk, etter ein avleiingsmanøver for å skjule kva som eigentleg vart utvikla (boiler og cistern vart òg vurderte, men forkasta.)

Den første stridsvogna var i operativ teneste då kaptein H.W. Mortimore frå Royal Navy leia ei Mark I i kamp ved Delville Wood under slaget ved Somme i 1916.[3][4] I Frankrike utvikla dei Schneider CA1 ut frå Holt-beltetraktorar, og dei brukte dei første gong 16. april 1917. Den første bruken av stridsvogner i større samanheng var ved slaget ved Cambrai 20. november 1917.

Stridsvogna var med på å gjere skyttargravskrigen umoderne, og tusenar av stridsvogner i bruk av britiske og franske styrkar var med å bidra til allierte sigrar. I byrjinga var det blanda resultat ved bruk av stridsvogner, ettersom dei var svært upålitelege. Tyske styrkar brukte stort sett eit lite utval av erobra einingar, ettersom dei sjølve berre produserte tjue eigenkonstruerte vogner, A7V.[5]

Mellomkrigstida og andre verdskrigen endre

 
Ein M4 Sherman stridsvogn frå andre verdskrig, i Paris.

I mellomkrigstida var britane fremst i utviklinga av stridsvogner. Versaillestraktaten tillet ikkje tyskarane å utvikle eigne stridsvogner, men landet dreiv likevel med nokre hemmelege utviklingsprosjekt saman med Sovjetunionen. Frankrike hadde dårleg råd, og prioriterte sine faste forsvarsverk i Maginotlinja. Franskmennene satsa på å halda dei stridsvognslause tyskarane i sjakk, og utvikla mest lette stridsvogner, forutan dei mange forelda stridsvognene dei overtok frå engelskmennene etter krigen. USA isolerte seg og bygde ned forsvaret sitt kraftig.

Stridsvogner vart i hovudsak utvikla i tre kategoriar: Lette stridsvogner på ti tonn og mindre vart nytta til oppklaring og hadde våpen som stort sett berre var brukbare mot andre lette stridsvogner. Mellomtunge, eller cruiser tank på engelsk, var tyngre, men raskare. Tunge stridsvogner, eller infantry tank på engelsk, var tungt pansra og hadde høg vekt.

Ideen var å bruke tunge stridsvogner saman med infanteriet for å få til eit gjennombrot, og så skulle grupper med middelstunge stridsvogner strøyme gjennom gapet og operere bak fienden sine linjer, for så å angripe forsyningsliner og hovudkvarter. Dette var ein viktig del av britisk doktrine, som vart teken opp av tyskarane som ein del av Blitzkrieg-konseptet.

Nordamerikansk tankegang var at stridsvogner skulle vere lette og mobile, og om dei støytte på andre stridsvogner skulle dei trekkje seg tilbake for å la panserjagarar ta seg av desse. I praksis vart det fleire og fleire stridsvogner på slagmarka, så kvart kampkøyretøy måtte ha effektive våpen for å nedkjempe stridsvogner. Dette utløyste eit rustingskappløp der stridsvognene stadig fekk tyngre pansring og kraftigare væpning. Der stridsvogna si oppgåve hadde vore å forsere hindringar, måtte ein no inngå eit kompromiss for å kunne kjempe mot andre stridsvogner på ein effektiv måte.

Den andre verdskrigen sette på alvor fart på utviklinga av stridsvogner. For eksempel starta Tyskland krigen med mange Panzer I med to mitraljøser og Panzer II med ein 20 mm kanon. Den tyngste utgåva i operativ teneste var Panzer IV, med ein kortløpa 75 mm kanon og ei vekt på under 20 tonn. På slutten av krigen var den dominerande tyske stridsvogna Panther, med ein lang 75 mm kanon og ei vekt på 45 tonn, sett på som «berre» mellomtung.

Dei tyngste tyske stridsvognene var Tiger I på 57 tonn og Tiger II på 68 tonn, med ein lang 88 mm kanon. Desse var likevel så tunge at dei blei trege og lite manøvrerbare, og motoren braut ofte saman. Tyskarane laga òg ein prototype av ei supertung stridsvogn, Panzer_VIII_Maus, på heile 188 tonn, men denne klarte knapt å røre seg og vart aldri sett i produksjon. Men dei tunge tyske stridsvognene fekk stor betydning for utviklinga av vestlege stridsvogner etter krigen.

Under krigen vart det òg vanleg med eit tårn på alle stridsvogner. Vognene vart òg utstyrt med radio, noko som letta leiinga av avdelingane. Kolossale vogner med fleire tårn, slik som sovjetiske T-35, forsvann.

Den kalde krigen endre

Etter krigen fortsette utviklinga stort sett i same retning. Lette stridsvogner vart sette til oppklaring, i tillegg til luftlandsettingar med USA-styrkar. Lette stridsvogner forsvann så etter nokre år.

Med utviklinga som hadde skjedd på hjuloppheng og motorar vart mellomtunge stridsvogner frå dei siste år av krigen i stand til å yte betre enn tunge stridsvogner frå byrjinga av krigens. Med litt tyngre panser og betre motor så kunne mellomtunge stridsvogner ta opp kampen med alt av panservernvåpen på slagmarka. Den britiske Centurion var i stand til å ta treff frå tyske 88 mm panservernkanonar, samtidig som L7-kanonen kunne slå ut fiendtlege stridsvogner og Rolls-Royce Meteor-motoren gav den ein toppfart på 35 km/t. Centurion erstatta alle mellomtunge stridsvogner i britisk bruk, og vart kalla universalstridsvogn. Omgrepet main battle tank (hovudstridsvogn) følgde kort tid etter.

Utviklinga av «panservernmissil» var den siste spikaren i kista til dei tunge stridsvognene. Den lange rekkevidd til rakettane gjorde at stridsvogna ikkje kunne ta opp kampen ute av skothald, men måtte manøvrere seg nærmare inn.

På den same tid vart pansra personellkøyretøy og seinare stormpanservogner utvikla for å bringe mobiliteten til infanteriet opp på same nivå som stridsvognene. Stormpanservognene tok òg over fleire av rollene til lette stridsvogner. Den USA-amerikanske M2 Bradley er eit døme på det.

De fleste trekka ved moderne stridsvogner vart etablert under andre verdskrigen, og sjølv om utviklinga sidan har forbetra alle enkeltkomponentar, så ville ein stridsvognkommandør frå andre verdskrig straks kjent att ei moderne stridsvogn.

Teknisk endre

Komponentane til stridsvogna endre

 
1. Belte, 2. Kanon, 3. Belteskjørt, 4. Røykgranatkaster, 5. Tårn, 6. Motordeksel, 7. Luke med periskop, 8. Koaksialt maskingevær, 9. Skrog, 10. Baugmaskingevær

Pansring endre

Stridsvogner er dei tyngste pansra kampkøyretøya i den moderne hæren. Pansringa er konstruert for å verne vogna og mannskapet mot mange forskjellige trugsmål. Vanlegvis er vern mot panserbrytande ammunisjon avfyrt frå andre stridsvogner den viktigaste oppgåva. Stridsvogner er sårbare for panservernmissil avfyrt frå andre panserkøyretøy, infanteri, helikopter eller fly. Dei er òg utsett i høve til stridsvognminer, større bomber og direkte treff frå artilleri. De fleste moderne stridsvognene er nærmast usårbare i forhold til splintrestar frå artillerigranatar og lettare panservernvåpen.

Den mengda panser som i teorien skal til for å gjere vogna heilt usårbar frå alle kantar ville vore for tung til å vera praktisk, så utviklarane av nye stridsvogner legg mykje tankearbeid i å balansere mellom vern og vekt.

Typar pansring endre

Den vanlegaste typen panser er passivt panser, som består av fleire lag med herda stål, legeringar og keramiske material. Den mest kjende typen passivt panser er det britiske Chobham-panseret, som består av keramiske blokker sett inn i ein plastkompositt mellom lag av konvensjonelt panser.

Dei fleste stridsvognene har etter andre verdskrig blitt laga med skrå overflater på pansringa, vanlegvis i front. Dette har to føremål; det eine er at prosjektil kan verte reflektert bort frå overflata, og det andre er at den effektive tjukkleiken på panseret i horisontalplanet vert mykje større. Sjå bileta under for to døme på stridsvogner frå same periode med ulik geometri på panseret:

 
Ei sovjetisk T-34-stridsvogn frå andre verdskrig, eit tidleg eksempel på skrånande panser
 
T-72 med reaktivt panser (klossane på utsida av skroget og tårnet)

Motsatsen til passivt panser er reaktivt panser. Det består av ein sprengladning som eksploderer ut mot innkomande prosjektil. Dette er for å stogga hólladningar, og har mindre effekt mot kinetisk ammunisjon. Reaktivt panser hengast på utsida av stridsvogna i små utskiftbare pakkar, og er ei vanleg oppgradering av eldre stridsvogner.

Fordeling av panseret endre

Pansringa på ein stridsvogn er ujamt fordelt. Dei tjukkaste delane er fremst på skroget og fremst på tårnet. Sidene har tynnare pansring, og bak er det oftast enda tynnare. Spesielt over motoren bak på dekket av vogna er det som regel lite pansring.

Belta og hjula på einskilde stridsvogner er delvis beskytta av sideskjørt. Dette er fordi det er sårbare deler, og vogna vert sett ut av spel ved skade på drivverket. Einskilde stridsvogner utan sideskjørt har vorte oppgradert seinare.

De som kjempar mot stridsvogner freistar å angripe dei delane av vogna som er dårlegast verna. Stridsvogner er sårbare ovanfor flyangrep og andre skot frå lufta. For eksempel så vil infanteri med panservernvåpen freista å finne ein skytestilling høgare oppe enn sjølve stridsvogna, for eksempel i åssida ved ein framrykkingsveg for pansra styrkar. Stilleståande stridsvogner er òg sårbare ovanfor artilleri.

Væpning endre

 
Oppbygginga av pilammunisjon. 1. Prosjektilhylse 2. Penetrator 3. Tettingsringar
 
Pilammunisjon i bruk: Høghastigheitsbilete av prosjektilhylse som skrellast av prosjektilet i flukt

Alle moderne stridsvogner er væpna med ein kanon. Stridsvognkanonar er dei mest grovkalibra våpna i bruk i landstridsføring, om ein ser bort frå somme artillerivåpen. Sjølv om kaliberet ikkje har gått opp vesentleg sidan andre verdskrig så er moderne stridsvognkanonar teknisk overlegne. De vanlegaste kalibra er 120 mm for vestlege stridsvogner og 125 mm for tidlegare austblokk-materiell. Dei fleste stridsvognkanonar i dag er glattløpa, med kanonane til britiske og indiske styrkar som nemneverdige unntak.

Kanonen kan fyre av ulike typar ammunisjon. Dei vanlegaste i dag er pilammunisjon og høgeksplosive granatar. Pilammunisjonen består av ein penetrator med mindre kaliber enn løpet, og eit prosjektilhylster kalla sabot rundt denne. Penetratoren består av eit svært hardt stoff, vanlegvis utarma uran eller wolframkarbid, og er spiss og stabilisert i flukt av finner. Pilammunisjon vert som oftast omtala som kinetisk ammunisjon eller APFSDS, eit akronym for Armour-Piercing, Fin-stabilised, Discarding Sabot. Eksplosive granatar delast som regel mellom HEAT (High Explosive Anti Tank), som bygger på holladningsprinsippet, og HEP (High Explosive Plastic) som inneheld ei mengd plastisk sprengstoff som detonerast ved treff. Sistnemnte brukast som regel mot harde mål som bunkerar, som for det meste er laga av andre material enn metall.

Vanlegvis har stridsvogner andre våpen for forsvar mot infanteri og fly. Oftast er dette ei 7,62 eller 12,7 mm mitraljøse montert koaksialt langs hovudvåpenet. Eit par franske stridsvogner (AMX-30 og AMX-40) har nytta ein 20 mm maskinkanon her. I tillegg har mange stridsvogner ei mitraljøse for vognkommandøren eller ladaren på taket av tårnet. USA-amerikanske og russiske 12,7 mm eller 14,5 mm mitraljøser er òg i stand til å nedkjempe lettpansra køyretøy på kort hald.

Nokre stridsvogner har blitt bygd om til spesialroller og har hatt uvanleg væpning, som til dømes flammekastarar.

Eldleiing endre

I starten blei våpna sikta gjennom enkle optiske sikte. Avstandar blei i byrjinga estimert, nokre gong med hjelp av siktet. Seinare blei stereoskopiske avstandsmålarar introduserte, og desse vart standardutstyr fram til laseravstandsmålar blei innført. Presisjonen var ikkje så god, og skyting under køyring var praktisk umogleg.

Moderne stridsvogner har ei rekke system for å få til meir presis skyting og å kunne skyte medan vogna er i rørsle. Gyroskop-baserte reguleringssløyfer stabiliserte løpet på kanonen, det vil seia at det automatisk kompenserast for rørsler i vogna under køyring. For skyttaren ser det ut som om kanonen står stille i høve til målet, medan vogna rører på seg. Avanserte sensorar, signalhandsaming og reguleringssystem tek seg av mange av oppgåvene i samband med avstandsmåling og sikting, men faktorar som lufttemperatur, luftfukt, kanontemperatur, farten til stridsvogna og slitasje på løpet påverkar likevel resultatet.

Nattsikte av forskjellige slag gjer òg stridsvogna i stand til å kjempe om natta. Laseropplysarar kan gjera stridsvogna i stand til å dirigere eld frå andre.

Mobilitet endre

 
Strategisk mobilitet: Amerikanske M1 Abrams på jernbanevogner i samband med ei øving

Det er hovudsakleg to typar mobilitet ein snakkar om i samband med stridsvogner. Det eine er taktisk mobilitet, som er eit mål på emna vogna har til å forflytte seg på slagmarka. Dette er i stor grad bestemt av evna vogna har til å forsere terreng og i kva fart ho kan flytte seg. Det andre er strategisk mobilitet, som er eit mål på kor snøgt stridsvognavdelinga kan flyttast over lengre avstandar. Det avheng av rekkevidda, kva slag bruer som kan bera stridsvogna og kva slags transportmiddel som kan nyttast.

Ei moderne stridsvogn er laga for å vere svært mobil og for å takle dei fleste terrengtypane. Dette oppnåast ved beltedrift med lågt marktrykk, god bakkeklaring og motorar med stor effekt. På trass av at ho verkar svært solid er stridsvogna relativt skjør. Mannskapet må kontinuerleg vurdere terrenget, for stridsvogna er tung og kan skadast ved for hard køyring. Eit belte kan spore av, og det er tek fleire timars å få det på plass att.

Kor enkelt det er å flytta ei stridsvogn mellom to punkt er avhengig av fleire ting. For eksempel gjer den store vekta at stridsvogna slit mykje både på underlaget og på belta. I tillegg brukar stridsvogner mykje drivstoff. Når det er mogleg vil helst militære planleggarar frakta stridsvognene på tungtransportlastebilar eller jarnbane. Stridsvogner er som regel laga for å passera gjennom jernbanetunnelane eller over bruene i det området ho skal brukast.

På grunn av den høge vekta til stridsvogna er òg flytransport vanskeleg. Som eit døme kan det tunge transportflyet C-5 Galaxy berre transportere to M1 Abrams-stridsvogner i gongen.

Stridsvogna i aksjon endre

Problem med å bruke stridsvogner endre

 
Det er mykje spesialisert utstyr som er naudsynt for å kunne drive effektivt vedlikehald. Her held ei M88 bergingsvogn på med å bytte motor på ei M1A1 Abrams stridsvogn.
 
Strid i tettbygde område er risikofylt for stridsvogner. Her er ein amerikansk M4 Sherman i brann i Leipzig under andre verdskrig.
 
Amerikanske stridsvogner og stormpanservogner under framrykking i ørkenterreng. Legg merke til avstanden mellom vognene.

Stridsvogner er sårbare for forskjellige truslar. Når ei stridsvogn skal flytta seg, må det planleggast. Det må takast omsyn til terrenget, og vogna skal helst ikkje observerast av fienden. Vogna er stor, og ruvar difor i terrenget. I tillegg kan både motoren og beltemekanismen høyrest på lang avstand.

Stridsvogner kan ikkje operere på eiga hand. Når mannskapet har stengt alle luker, og det må dei om det er ABC-våpen i bruk eller dei blir skote mot, så kan dei berre sjå omverda gjennom periskop og små luker. På toppen av det heile bruker mannskapet mykje av konsentrasjonen sin på å operere stridsvogna. Ein infanterist kan difor lett snike seg inn på vogna. Vognkommandøren har som regel hovudet ute av ei luke på vogna, men dette gjer han sårbar. Om stridsvognavdelinga ikkje har med eit eige infanteri, må stridsvognene dekkje kvarandre under framrykking. Halve avdelinga står stille og observerer og er klare til å skyte, medan resten av avdelinga rykker fram. Dette sinker sjølvsagt framrykkinga.

Stridsvogner fungerer mest effektivt med godt trena mannskap. Eit eksempel på dette er ved Golanhøgdene under Jom kippúrkrigen i 1973. Hundrevis av syriske kampkøyretøy angreip eit mindre tal israelske stridsvogner. Israelarane hadde betre trening og gjorde difor få feil. Syrarane rykte fram i formasjon og utnytta ikkje terrenget og reagerte heller ikkje på israelske manøvrar. Dei israelske stridsvognene kunne dermed trekkje seg bakover til betre posisjoner ei rekkje gonger, og kvar gong slo dei ut eit par syriske køyretøy kvar. Då slaget var slutt hadde israelittane slegne ut ti køyretøy for kvar israelske stridsvogn som gjekk tapt. Syrarane forbetra seinare opplæringa si, og i krigen i Sør-Libanon i 1982 var ikkje forskjellen på langt nær så stor.

Stridsvogner kan ikkje flytte seg langt på eiga hand. Avhengig av tilstanden til vognene, typen terreng og effektiviteten til verkstadavdelinga, så vil ein panserdivisjon kunne miste 2-20 % av vognene sine per time med framrykking. Dei fleste av desse vil bli reparert, men i mellomtida vil avdelinga bli delt og mannskapet vert slitne. Resultatet vert dermed ein mindre effektiv divisjon.

Stridsvogner krev mykje vedlikehald. Åtte timeverk per dag er ikkje uvanleg om vogna vert bruka intensivt. Mannskapet må gjere det meste av reparasjonsarbeidet sjølve, og jobben er vanlegvis delt på fire. Har vogna automatladar på kanonen, så er det berre tre mann å fordele jobben på.

Stridsvognavdelingar endre

Stridsvogner vert nokre gonger organisert i reine panserdivisjonar, men dette er vanlegvis eit reint administrativt grep. Dei opererer alltid saman med infanteri. I Noreg er den største panseravdelinga ein bataljon.

På lågaste nivå har ein tropp frå tre til fem stridsvogner. Ein eskadron er sett saman av tre til fem troppar, med eit par ekstra kommandovogner for eskadronssjefen og staben hans. Ein bataljon har tre pansereskadronar, og gjerne eit par stridsvogner til i stabseskadronen. Totalt er det typisk 33 til 60 stridsvogner i ein bataljon.

Etter kvart som avdelinga får tap, ender gjerne bataljonen med to eskadronar, sett saman av dei attverande vognene. Panserbataljonen har gjerne støtteelement med panservern-, oppklarings-, bombekastar- og trenavdelingar. I tillegg er det gjerne vedlikehaldspersonell, så ein panserbataljon kan fort koma opp i 50 til 300 mann i tillegg til stridsvognmannskapet.

Mannskapet endre

 
Mannskapet på ein USA-amerikansk M3 Lee i Tunisia i 1942 har eit avbrekk utanfor vogna
 
Frå innsida av tårnet på ein fransk Leclerc. Dei fleste pansra køyretøy er måla i lyse fargar på innsida.

Moderne stridsvogner har mannskap på tre eller fire. Under andre verdskrig var det vanleg med fem. Mannskapet brukar mindre enn 10 % av tida inne i køyretøyet. Resten går med til vedlikehald, reparasjonar, måltid, personleg hygiene og anna. 25 % av tapa oppstår medan dei er på utsida av køyretøyet.

Vognkommandøren (VK) er øvste befal på vogna. Han/ho koordinerer mannskapet i strid, og har samband med resten av troppen. Vognkommandøren, som sit i tårnet, har eit dilemma: di lengre han har hovudet ut av køyretøyet, di meir oversikt har han/ho over det som skjer i omgjevingane og kan lettare oppdaga det om stridsvogna er i ferd med å gå inn i eit bakhaldsangrep. På den andre sida er han/ho meir utsett for å verta råka av fiendtleg eld. Om vognkommandøren vert såra eller drepen resulterer det i ei mindre effektiv stridsvogn, som igjen er meir utsett.

Vognføraren (VF) styrar vogna etter vognkommandørens ordrar, og sit fremst i skroget.

Skyttaren sikter inn kanonen og skyt på vognkommandørens ordre. Skyttaren bruker størstedelen av tida med ansiktet klemt mot siktet, og hjelper i så måte til med observasjon av omgjevnaden utanfor stridsvogna. Skyttaren sit òg i tårnet.

Ladaren ladar kanonen mellom kvart skot. Han/ho får ordre om typen ammunisjon som skal brukast frå vognkommandøren. Ladaren sitt òg i tårnet saman med vognkommandøren og skyttaren og hjelper til med observasjon av utsida.

I eldre stridsvogner var det nokre gonger òg ei mitraljøse fremst i skroget, som vart betjent av ein kombinert skyttar og radiooperatør.

Kjelder endre

  1. «tanks» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 2,2 «stridsvogn». Store norske leksikon på snl.no. Henta 27. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 Churchill, s. 316
  4. McMillan, N: Locomotive Apprentice at the North British Locomotive Company Ltd Glasgow Plateway Press 1992
  5. Willmott 2003, s. 222.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff endre