ASIC står for Application Specific Integrated Circuit, altså ein integrert krets (IC) som er utvikla for eit bestemt føremål eller bruksområde i staden for å fylle ei generell oppgåve. Ein slik krets er meir spesialisert og kan utføra ei bestemt oppgåve meir effektivt enn ein mikrokontroller eller mikroprosessor. Ein ASIC er òg meir effektiv enn ein FPGA, men å utvikla ein ASIC er mykje dyrare enn å nytta ein FPGA. Ein ASIC høver difor best for store seriar, medan ein FPGA høver godt for prototypar og små seriar.

Døme på ASIC: ein VIA VT6306 IEEE-1394-kontroller.

Det vert produsert både analoge, digitale og blanda analog og digitale (blandasignalkrins) ASICar, men reine digitale ASICar er mest utbreidd.

Sjå òg endre