AS Monaco

(Omdirigert frå AS Monaco FC)

Association Sportive de Monaco Football Club, i Noreg kjend som Monaco er ein fransk-registrert fotballklubb i Monaco. Klubben vart skipa i 1924 og vann i 2012/13-sesongen Ligue 2 i Frankrike og rykte opp. Trass i at klubben høyrer heime i fyrstedømmet Monaco, vert laget rekna for å vere eit fransk lag, ettersom klubben spelar i det franske seriesystemet, og fordi fyrstedømmet Monaco ikkje er medlem av det europeiske fotballforbundet UEFA.

Monaco
Fullt namnAssociation Sportive de Monaco Football Club
KallenamnLés Monégasques «Gassarane»
Les Rouges et Le Blanc «Dei raude og blåe»
Kort namnASM
Grunnlagd25. august 1924
HeimebaneStade Louis II
(kapasitet: 18,524)
PresidentDmitrij Rybolovlev
HovudtrenarLeonardo Jardim
LigaLigue 1
NettstadHeimeside
Noverande sesong

Monaco er ein av dei klubbane i Frankrike som har hatt størst suksess. Klubben har vunne sju seriemeisterskap, sist i 2000, og fem gongar sikra seg pokalen som vinnar av den franske cupmeisterskapen. Monaco spela seg i 1992 fram til finalen i Cupvinnarcupen og i 2004 til finalen i Meisterligaen. Ved begge høva vart det tap; i 1992 mot Werder Bremen med 0-2 i Lisboa, og i 2004 mot FC Porto med 0-3 i Gelsenkirchen.

Laget spelar heimekampane på Stade Louis II, eit stadion med plass til 18 523 tilskodarar. Monacos tradisjonelle draktfargar er raudt og kvitt.

Kjelder

endre