Union of European Football Associations (UEFA, fransk: Union des associations européennes de football) er det europeiske fotballforbundet som vart skipa 15. juni 1954 i Basel i Sveits. Forbundet er mest kjend under forkortinga UEFA. EUFA er sjølv medlem av FIFA, det internasjonale fotballforbundet. 26. januar 2007 vart Michel Platini vald til ny president i UEFA etter Lennart Johansson.

UEFA har 53 medlemmer, og av desse har 46 eit aktivt kvinnelandslag. Samtlege lag innanfor den geografiske definisjonen av Europa er medlemmer, med unntak av Monaco, Storbritannia og Vatikanstaten. Til gjengjeld har England, Wales, Skottland, Nord-Irland og Færøyane eigne landslag, på tross av at dei ikkje er sjølvstendige nasjonar.

I tillegg er asiatiske land som Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Israel, Kasakhstan og Kypros medlemmer, og både Russland og Tyrkia, som er geografisk delt til både Europa og Asia, høyrer til UEFA. For Israel var det nødvendig å flytte ettersom dei fleste motstandarane deira i Asia ikkje anerkjende dei, og dermed ikkje ville spele mot dei (mellom 1974 og 1994 spelte Israel i Oseania). Kypros sin geografiske situasjon lét dei velje mellom Europa, Asia og Afrika, og dei valde Europa. Kasakhstan gjekk frå Asia til Europa etter semje med UEFA.

TurneringarEndra

NoverandeEndra

Organisasjonen arrangerer no følgjande fotballturneringar:

  • EM: Europameisterskap for landslag, som vert halde kvart fjerde år, kor det seinaste var i 2008 i Austerrike/Sveits og det neste er i 2012 i Polen/Ukraina.
  • EM U/21: Europameisterskap for U/21-landslag, som vert halde annakvart år, kor det seinaste var i 2009 i Sverige og det neste er i 2011 i Danmark.
  • UEFA Champions League: Den mest prestisjefylte klubbturneringa i verda. Fungerer også som ei form for uoffisielt europameisterskap for klubblag. Vinnaren av turneringa kvalifiserer seg til FIFA Club World Cup.
  • UEFA Europa League: Ei samanslutning av UEFA sine to tidlegare turneringar UEFA Cup og Intertoto Cup.

TidlegareEndra

Organisasjonen har tidlegare arrangert følgjande fotballturneringar:

  • UEFA Intertoto Cup: Ei annleis sommarturnering for klubblag, med tre vinnarar, som får tilgang til UEFA Cup. Avløyste International Football Cup. Turneringa vart spelt for siste gong i 2008.
  • UEFA Cup: Ei turnering for dei «nest-beste» laga i dei nasjonale forbunda, samt for pokalvinnaren. Vart spelt for siste gong i 2008-09-sesongen. Vart bytta ut med UEFA Europa League.
  • UEFA Pokalvinnarane sin Europa Cup: Ei europeisk turnering for pokalvinnarane. Vart spelt for siste gong i 1998.

MedlemslandEndra

År Land Nasjonalt fotballforbund
1954   Albania
1954   Austerrike
1954   Belgia
1954   Bulgaria
1954   Danmark
1954   England
1954   Finland
1954   Frankrike Fédération Française de Football
1954   Hellas
1954   Irland
1954   Island
1954   Italia Federazione Italiana Giuoco Calcio
1954   Luxembourg
1954   Nederland Koninklijke Nederlandse Voetbal Bond
1954   Nord-Irland
1954   Noreg Norges Fotballforbund
1954   Polen
1954   Portugal Federação Portuguesa de Futebol
1954   Romania
1954   Russland, tidlegare Sovjetunionen
1954   Serbia, tidlegare Jugoslavia
1954   Skottland
1954   Spania Real Federación Española de Fútbol
1954   Sveits
1954   Sverige Svenska Fotbollförbundet
1954   Tsjekkia, tidlegare Tjekkoslovakia
1954   Tyskland Deutscher Fußball-Bund
1954   Ungarn
1954   Wales
1960   Malta
1962   Republikken Kypros
1962   Tyrkia
1974   Liechtenstein Liechtensteiner Fussballverband
1988   San Marino
1990   Færøyane Fótbóltssamband Føroya
1992   Armenia
1992   Estland Eesti Jalgpalli Liit
1992   Georgia
1992   Latvia
1992   Litauen
1992   Ukraina
1993   Kroatia
1993   Kviterussland
1993   Moldova
1993   Slovakia
1994   Aserbajdsjan
1994   Israel
1994   Slovenia
1996   Andorra Federació Andorrana de Fútbol
1996   Bosnia-Hercegovina
2002   Kasakhstan
2007   Montenegro

Presidentar i UEFAEndra

Nr. Namn Periode
1.   Ebbe Schwartz 19541962
2.   Gustav Wiederkehr 19541972
3.   Artemio Franchi 19721983
4.   Jacques Georges 19831990
5.   Lennart Johansson 19902007
6.   Michel Platini 2007

KjelderEndra