Aa i Nederland
Aa er ei lita elv i Nederland. Ho spring ut nær Meijel søraust i provinsen Limburg i Peel-regionen. Ho renn nordvestover gjennom provinsen Noord-Brabant mot 's-Hertogenbosch, om lag langs kanalen Zuid-Willemsvaart. I 's-Hertogenbosch renn Aa saman med Dommel og dannar Dieze som igjen munnar ut i Maas eit par kilometer lenger nede. Dei største byane langs Aa er Asten, Helmond, Veghel og 's-Hertogenbosch.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aa River (Meuse)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2008.