’s-Hertogenbosch

(Omdirigert frå 's-Hertogenbosch)

’s-Hertogenbosch (ofte berre kalla Den Bosch) er ein kommune og by i Nederland. Han ligg i provinsen Noord-Brabant der han òg er administrasjonssete. Han ligg sør i Nederland, om lag 80 km sør for Amsterdam. Byen har om lag 135 000 innbyggjarar, og med forstader opp mot 200 000. Den kjende Sint-Janskathedraal (Johannes-domkyrkja) ligg her.

’s-Hertogenbosch
Sentrum av ’s-Hertogenbosch
Sentrum av ’s-Hertogenbosch
Sentrum av ’s-Hertogenbosch
Byvåpenet til ’s-Hertogenbosch
Byvåpenet til ’s-Hertogenbosch


Plassering
Plassering av ’s-Hertogenbosch
Plassering av ’s-Hertogenbosch
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Noord-Brabant
Grunnlagd 1185
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

39,98 km²
  36,38 km²
  3,60 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

136 499
  1 602/km²
Koordinatar 51°42′N 5°19′E / 51.700°N 5.317°E / 51.700; 5.317
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.s-hertogenbosch.nl

Historie endre

 
Rådhuset.

Det offisielle namnet på byen er ei samantrekking av det nederlandske des Hertogen bosch - «skogen til hertugen». Hertugen det er snakk om var Henrik I av Brabant og familien hans hadde i mange hundre år ein stor eigedom nær byen. Han grunnla ein by på nokre skogkledde sanddyner, midt i myr. 26 år gamal gav han 's-Hertogenbosch byrettar og handelsprivelegia i 1185. Dei første skriftlege kjeldene om byen er derimot før frå 1196. Han gjorde dette for å verne sine eigne interesser mot Gelre og Holland. Byen hans vart øydelagd av Gelre og Holland i 1203, men raskt bygd opp att. Rundt 1475 vart det bygd ein mykje større bymur for å verne om den stadig veksande byen. Kunstige vassvegar vart grave ut som vollgraver rundt byen, og vatn frå elvane Dommel og Aa vart nytta.

Fram til 1520 blømde byen og var den nest største byen i dagens Nederland etter Utrecht. Han vart òg eit kultursenter og renessansemålaren Hieronymus Bosch var mellom anna fødd her. I tillegg fekk mange komponistar, som Jheronimus Clibano, opplæring i domkyrkja her.

 
de Moriaan.

Reformasjonen og stridane dette førte med seg endra snart tilhøva for byen. Han vart eit sjølvstendig bispedøme og under åttiårskrigen valde han Habsburg si side. Kalvinistane prøvde seg på eit kupp, men vart hindra. Byen vart fleire gonger omleira av fyrst Maurice av Orange, statthaldar av Holland, for Dei sameinte Nederlanda. På grunn av dei omliggande myrområda viste det seg særs vanskeleg å ta byen, men han vart til slutt erobra av Frederik Hendrik av Orange i 1629 då han nytta vindmøller til å pumpe bort vatnet rundt byen. Etter ei tre månader lang omleiring måtte byen så overgje seg. I 1672 klarte byen å stå imot hæren til Ludvig XIV av Frankrike. I 1794 gjekk franskmennene til åtak på byen igjen og tok han til slutt etter harde kampar. Byen vart så ein del av Den bataviske republikken.

Frå 1806 vart byen ein del av Frankrike og vart erobra av Preussen i 1814. Året etter vart Det sameinte kongedømet Nederland oppretta og han vart hovudstad i provinsen Noord-Brabant. Byen var overfylt med innbyggjarar på 1800-talet og på grunn av konservative styresmakter i byen, som ikkje ønskte at enno fleire skulle flytte hit, gjekk den industrielle utviklinga tregt. Derfor vart byen etter kvart mindre viktig.

 
Vollgrav rundt byen.

Etter den andre verdskrigen vart det lagt fram planar om å modernisere byen, fylle att kanalane og vollgravene og rekonstruere historiske nabolag. Før planane vart sett i verk erklærte styresmaktene byen for eit verna byområde, og dei fleste historiske elementa er derfor bevart i dag.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre