Sjå òg Aage Fredslund Andersen.

Aage Andersen (fødd 1949) er ein norsk næringslivsmann og fagforeiningsleiar. Han er (per 2009) konserntillitsvald i Borregaard fabrikker og styremedlem i Orkla ASA.

Aage Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1949 (75 år)
Yrke forretningsdrivande

Han har i tillegg hatt mange andre verv i Orkla-konsernet og elles i næringslivet. Mellom anna har han vore leiar Borregaard Jern & Metallarbeiderforening, leiar av Styre- og Representantskapet for dei LO-organiserte i Orkla, leiar av Internasjonalt Faglig Representantskap i Orkla, leiar av Europeisk Samarbeidsutvalg og Europeisk Konsernutvalg i Orkla, leiar av A/S Folkets Hus i Sarpsborg og leiar av samarbeidskomiteen mellom LO og Ap i Sarpsborg.

Kjelder

endre