Aage Storstein
Aage Storstein (26. juli 1900–7. mai 1983) var ein norsk målar, frå 1946 professor ved Statens kunstakademi. Han var fødd i Stavanger og døydde i Oslo.
Aage Storstein | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. juli 1900 Stavanger kommune |
Død | |
Yrke | kunstmålar, professor |
Språk | norsk |
Aage Storstein på Commons |
Liv og gjerning
endreStorstein studerte i 1920/21 ved tre ulike kunstakademi i Paris. I 1926 gjekk han i lære hos Henrik Sørensen og Per Krohg. Han debuterte på Høstutstillingen i 1924, til saman 12 gonger vart verk av han synt fram på Høstutstillingen. I 1937 deltok han med eit verk på verdsutstillinga i Paris. Året etter vann han tevlinga om utsmykkinga av vestgalleriet i rådhuset i Oslo, eit arbeid han fullførte til bygget vart opna i 1950. I si tid ved Statens kunstakademi hadde Storstein både Rolf Aamot og Gunnar S. Gundersen som studentar.
Storstein var sterkt prega av kubismen og la stor vekt på form og tilhøvet mellom form og farge i oppbygginga av verka sine. Han er særleg kjend for sine fresker i Oslo rådhus. Storstein er representert i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo, Rogaland Kunstmuseum, Bergen Billedgalleri og Moderna Museet i Stockholm, og fleire andre store kunstsamlingar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aage Storstein» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2012.