Per Krohg

Per Lasson Krohg (18. juni 18893. mars 1965) var ein norsk biletkunstnar. Han var son til kunstnarane Oda og Christian Krohg, og var sjølv far til kunstnarane Guy Krohg og Morten Krohg.

Per Krohg
Per Larsson Krohg IKL.jpg
Fødd 18. juni 1889
Åsgårdstrand
Død

3. mars 1965 (75 år)
Oslo

Yrke illustratør, kunstmålar, teiknar
Per Krohg på Commons

Per Krohg var fødd i Åsgårdstrand, men familien budde under oppveksten hans i Paris. Han viste store kunstnarlege talent tidleg, og han var elev fyrst hjå far sin frå 1903 til 1907, og frå 1909 til 1910 hjå Henri Matisse. Han vart påverka av kunststraumingane i Paris, og særleg kubismen vart viktig for utviklinga av uttrykksforma hans.

Krohg har utsmykka mange offentlege bygg med store freskomåleri, mellom anna Tryggingrådet sin sal i SN-bygget i New York, vestibylen i Fysikkbygningen ved Universitetet i Oslo og Oslo rådhus.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.