Aalen er ein by i Tyskland sør i delstaten Baden-Württemberg med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen er sete for landkreisen Ostalbkreis.

Aalen
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Region Stuttgart
Landkreis Ostalbkreis
Høgd 430 m
Areal 146,63 km²
Folketal 69 147 (31. desember 2023)
Grunnlagd Sannsynlegvis på 1200-talet
Postnummer 73430–73434
Retningsnummer 07361, 07366, 07367
Bilnummer AA
Kart
Aalen
48°50′14″N 10°05′37″E / 48.837222222222°N 10.093611111111°E / 48.837222222222; 10.093611111111
Wikimedia Commons: Aalen

Geografi

endre

Aalen ligg ved elva Kocher, ved foten av Schwabisk Alb, som ligg sør og søraust for byen. I nord ligg åslandskapet Ellwanger Berge. Aalen er om lag 70 km aust for Stuttgart og 48 km nord for Ulm.

 
Marknadsplassen i Aalen.
Foto: Jürgen Hoffmann

Historie

endre

Omkring 150–160 e.kr. låg det ein liten romersk festning her. Denne posisjonen var strategisk viktig på denne tida, sidan han låg i nærleiken av limes (grensa til Romarriket). Sjølve byen dukka først opp tusen år seinare, sannsynlegvis på 1200-talet. Han vart først nemnd i skriftlege kjelder på 1300-talet, då han var under grevane av Oettingen. Aalen var ein keisarby frå 1360 til 1802, då han vart annektert av Württemberg. Ein alvorleg bybrann råka byen i 1634. Han vart så sete for ein Oberamt, som landkreisen Aalen oppstod frå i 1938. I 1973 vart han slått saman med landkreisen Schwäbisch Gmünd til det nye Ostalbkreis. I 1975 vart Wasseralfingen, ein by med ein tredjedel av innbyggjarane i Aalen, slått saman med Aalen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Aalen