Delstatar i Tyskland
Det er 16 delstatar i Tyskland, på tysk offisielt kalla Länder (land), i vanleg språkbruk oftast Bundesländer (forbundsland). Delstatane er statar i statsrettsleg tyding som inngår i eit statsforbund.
Berlin og Hamburg er bystatar (Stadtstaaten). Staten Bremen består av byane Bremen og Bremerhaven. Dei resterande statane vert kalla «flateland» (Flächenländer) og er delt i distrikt og kommunar.
Delstatane har eigne regjeringar, parlamenter, forfatningar og domstolar. Dei har omfattande sjølvstyre og kan på område som miljø, kultur og utdanning i vidt omfang gjennomføre deira eiga lovgiving. Val til delstatsparlamenta finn som hovudregel stad kvart fjerde år, i Bayern berre kvart femte. Den utøvande makta ligg hos delstatsregjeringane på dei fleste områda.
Delstatane er representerte i Forbundsrådet (Bundesrat), som har sete i Preußisches Herrenhaus i Berlin. Det er delstatregjeringa som peikar ut delegatane til Forbundsrådet.
Nr. | Våpen | Delstat | Areal (km²) | Innb. (mio) | Innb. pr. km² | Hovudstad | Flagg |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Baden-Württemberg | 35.752 | 10,717 | 300 | Stuttgart | ||
2 | Bayern | 70.549 | 12,444 | 176 | München | ||
3 | Berlin | 892 | 3,388 | 3.798 | Berlin | ||
4 | Brandenburg | 29.478 | 2,568 | 87 | Potsdam | ||
5 | Bremen | 404 | 0,663 | 1.641 | Bremen | ||
6 | Hamburg | 755 | 1,735 | 2.298 | Hamburg | ||
7 | Hessen | 21.115 | 6,089 | 288 | Wiesbaden | ||
8 | Mecklenburg-Vorpommern | 23.179 | 1,720 | 74 | Schwerin | ||
9 | Niedersachsen | 47.620 | 8,001 | 168 | Hannover | ||
10 | Nordrhein-Westfalen | 34.084 | 18,075 | 530 | Düsseldorf | ||
11 | Rheinland-Pfalz | 19.853 | 4,061 | 205 | Mainz | ||
12 | Saarland | 2.569 | 1,056 | 411 | Saarbrücken | ||
13 | Sachsen | 18.415 | 4,296 | 233 | Dresden | ||
14 | Sachsen-Anhalt | 20.446 | 2,494 | 122 | Magdeburg | ||
15 | Schleswig-Holstein | 15.763 | 2,829 | 179 | Kiel | ||
16 | Thüringen | 16.172 | 2,355 | 146 | Erfurt | ||
Tyskland | 357.046 | 82,501 | 231 | Berlin |