Aasmund Aslaksson Nestestog

Aasmund Aslaksson Nestestog (17971886) var ein norsk-amerikansk bygdekunstnar og farmar frå Vinje. Aslak Nestestog var far hans.

Aasmund Aslaksson Nestestog
Fødd 1797
Død

1885 (88 år)

Yrke kunstmålar

Nestestog var ein evnerik mann og viste tidleg handlag både som børsemakar, gull- og sølvsmed, gravør og målar. Kanskje utmerkte han seg særleg med sine fint graverte børser. Kister på Jamsgard i Vinje, Bandak hotel i Dalen og på Fetveit i Bøgrend er alle måla i ein stil med brun botn og mykje blått i rosene, typisk for Nestestog. Ei kiste frå 1819 som vart måla til ein «H.J.S.», var i si tid i Aasmund Olavson Vinje si eige. Vinje skreiv om Nestestog i Drammens Tidende i 1853 og i Dølen i 1870 og kalla han eit universalgeni.

Nestestog utvandra til USA i 1843 og vart farmar.

Kjelder endre