Aslak Nestestog

Norsk bonde og målar

Aslak Åsmundsson Nestestog (175820. januar 1830) var ein norsk gardbrukar og målar frå Lårdal, busett i Vinje, som er kjend for sine figurmåleri i kyrkjer og bondestover. Han var ein av dei fyrste bygdemålarane som nytta element frå rokokkostilen i rosemålinga i Telemark. Mot slutten av livet er det truleg han rosemåla både kister, skåp og ølbollar. Også eldste sonen, Aasmund Nestestog, var ein kjend målar.

Aslak Nestestog
Fødd 1758
Lårdal kommune
Død

20. januar 1830 (71 år)
Vinje kommune

Yrke kunstmålar

Liv og gjerning endre

Nestestog voks opp på Gøytil i Lårdal. Han kjøpte i 1790 garden Nestestog i Vinje og busette seg der. Nestestog var fyrst og fremst gardbrukar, dessutan fekk han kongeleg løyve til å setje opp sag på eigedomen sin.

I 1787 dekorerte han veggene i ei stove på Norigard-Hylland med bibelske motiv, mest frå Kristi lidingssoge. Dessutan finst portrett av gardkona Aasne Hylland, klassisk forma villmenn, og løve og sjøhest i rokokkostil. Prydmålinga hans i ei stove i Vinje vart i si tid overmåla, då eigaren mislikte eit motiv som synte eit kortspelande djevel.

Nestestog måla i minst to kyrkjer. Ein gong i 1790-åra måla han ei altartavle til Nesland stavkyrkje i Vinje, der motivet er frå ei eldre katekisme. Etter stavkyrkja vart riven 1847, har altartavla no plass i Nesland kyrkje. I 1794 dekorerte han kvelven i Brunkeberg kyrkje i Kviteseid, der «Dommedag med rædsomme Skikkelser staar Præsten for Øie hver Gang han træder op paa Prækestolen», skriv Magnus Brostrup Landstad.

Arbeida til Nestestog hentar impulsar frå mange ulike kjelder, både frå bøker, omnar, myntar med meir. «Han hadde sans for det kristelege og ei stor evne til dramatisk komposisjon», skriv Dag Aanderaa i Norsk biografisk leksikon.

Kjelder endre