Opna hovudmenyen

Aasmund Kulien (4. mai 189318. oktober 1988) var ein gardbrukar, fødd i Kristiansand, oppvaksen og busett i Greipstad i Vest-Agder. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet og Vest-Agder i tida 1937 til 1953.

Aasmund Kulien
Fødd 4. mai 1893
Død

18. oktober 1988

Yrke politikar

Kulien var son til ein tømrar og jordbrukar. 15 år gammal fekk han arbeid i eit gartneri i Kristiansand, og arbeidde i gartnaryrket til 1920. Åra 1910 til -13 gjekk han også på teknisk kveldsskule. I 1922 tok han over eit gardsbruk på Nodeland i Greipstad, og dreiv dette til han vart pensjonist.

Frå 1928 var Kulien medlem i Greipstad heradsstyre, og var med til NS-styret avvikla heradsstyret i 1942. Valperioden 1934-36 møtte han ei tid på Stortinget som vararepresentant frå Vest-Agder. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant frå same valkrinsen for Arbeidarpartiet. Ni år seinare vart han attvald, også i 1949 fekk han fornya tillit og sat såleis på Stortinget til 1953. Alle stortingssesjonane var han medlem i Landbrukskomiteen.

I tillegg til sitt politiske engasjement hadde Kulien fleire ulike tillitsverv. Han var mellom anna medlem 1946-60 av Direksjonen i Det Kongelige Selskap for Norges Vel, tida 1947-61 med i styret av Det norske hageselskap og formann siste sju åra, samt formann 1956-65 i Vest-Agder landbruksselskap og 1946-49 medlem av hovudstyret i Gartnerhallen.

KjelderEndra