Nasjonal Samling
Nasjonal Samling (NS) var eit norsk politisk parti stifta 13. mai 1933 av leiaren Vidkun Quisling. Ved stortingsvala i 1933 og 1936 fekk NS om lag 2 % av stemmene.
Nasjonal Samling | |
![]() | |
Land | Noreg |
---|---|
Partileiar(ar) | Vidkun Quisling |
Generalsekretær | Rolf Jørgen Fuglesang |
Grunnlagt | 13. mai 1933 |
Nedlagt | 8. mai 1945 |
Hovudkvarter | Oslo |
Medlemstal | 8 000 (1936)[1] |
Ideologi | nasjonalisme, nazisme, fascisme, antikommunisme, korporativisme ![]() |
Politisk posisjon | høgreekstremisme |
Slagord | Heil og sæl |

Ideologien vart etter 1934 orientert mot nazisme og fascisme. Den militære organisasjonen vart kalla hirden. Quisling etablerte ei kuppregjering då tyskarane invaderte 9. april 1940, men ho varte berre i tre dagar før Administrasjonsrådet tok over 15. april. Seinare under den tyske okkupasjonen vart Quisling frå 1. februar 1942 ministerpresident i ei nesten rein NS-regjering som styrte på tyskarane sin nåde. Likevel hadde partiet 44 000 medlemmer i 1943.[treng kjelde]
Partiet slutta å eksistere ved freden 8. mai 1945. Etterpå blei mange tidlegare medlemmer straffa i det norske landssvikoppgjeret, mellom anna fordi medlemskap i partiet var blitt gjort straffbart av den norske eksilregjeringa. Partileiaren Quisling og andre framståande partimedlemmer blei avretta. Andre medlemmer måtte sona fengselsstraffer. Ofte opplevde også dei og familiane deira å bli frosne ut eller uformelt straffa på andre vis av nærmiljøet.
Kjelder Endra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |