Ab urbe condita
Ab urbe condita eller anno urbis conditae (AUC eller a.u.c.) er latin for «Frå grunnlegginga av byen» (byen er Roma). Året då Roma var grunnlagt er tradisjonelt sett til 753 fvt.,[1] og nokre få romerske historikarar brukte det for å oppgje årstal. Moderne historikarar har teke denne tidsrekninga i bruk i større grad enn romarane gjorde. For romarane sjølve var det vanleg å oppgje eit år ved å oppgje namna på dei to som var konsular det året.
Kjelder
endre- ↑ «ab urbe condita (tidsregning)». Store norske leksikon. 14. august 2020.