Roma

kommune i Italia

Roma (stundom kalla Rom på norsk og fleire andre språk, og Rome på ei rekkje andre) er hovudstaden i Italia, regionen Lazio og provinsen Roma. Byen har om lag 2,7 millionar innbyggjarar (2007) og er den største byen og kommunen i landet ut i frå både folketal og flatevidde. Storbyområdet har om lag 4 millionar innbyggjarar. Han ligg sentralt i dei vestlege områda av Den italienske halvøya der elva Aniene munnar ut i Tiber. Roma vert omtala som «den heilage byen» fordi den katolske kyrkja har sitt hovudsete i byen. Paven, overhovudet for katolikkane i verda, styrer over Vatikanstaten som er ein liten enklave i Roma.

Roma
Horisonten til Roma
Horisonten til Roma
Flagget til Roma Byvåpenet til Roma
Flagget til Roma

Kallenamn
«Den evige staden»
Motto
«Senatus Populusque Romanus»
(SPQR (latin))
Styresmakter
Italia Italia
Grunnlagd 21. april 753 fvt.
Geografi
Flatevidd 1 287,36 km²
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

1285 km²
5352 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

2705603
  2105/km²
4013057
5493308
Høgd over havet 20 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 00121-00199
Telefon-retningsnummer 06
Heimeside: www.comune.roma.it

Roma var i fleire hundre år hovudstad i Romarriket, ein stat som herska over store delar av Europa og område kring Middelhavet. Roma har vore hovudsete for Det romerske kongedømet, Den romerske republikken og Romarriket.

I følgje segna skal Roma ha vorte grunnlagd den 21. april 753 fvt av Romulus, som tok livet av tvillingbror sin Remus i prosessen. Datoen var grunnlaget for den romerske kalenderen og den julianske kalenderen (ab urbe condita). Romulus og Remus skal ha vore søner av den romerske guden Mars og prestinna Rea Silvia, dotter av Numitor, konge av Albalonga. Som unge gutar vart dei etterlatne for å redda dei frå hatet til Amulius, som ville ha trona til Albalong. Gutane vart tekne vare på av ein houlv som framleis er eit av symbola på Roma. Romulus tok seinare livet av Remus og vart den fyrste kongen av Roma.

Roma vart bygd på Solåsen som seinare vart kalla Palatinarhøgda og vart utvida til å inkludera sju høgdedrag: Palatinerhøgda, Aventinerhøgda, Kapitol, Kvirinalhøgda, Viminalhøgda, Esquilinhøgda og Celio etter Månen, Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn. (sjå romersk mytologi.)

Roma var ein av få storbyar i Europa som ikkje vart råka av bomber under den andre verdskrigen og består derfor stort sett av bygg frå renessansen og barokken. Det historiske sentrumet i Roma er på UNESCO si verdsarvliste.

Geografi og klima endre

 
Panorama av Roma frå Peterskyrkja.

Plassering endre

Roma ligg i regionen Lazio i Sentral-Italia der elvane Aniene og Tiber (italiensk Tevere). Sjølv om sjølve bysentrum ligg om lag 24 km frå Tyrrenhavet i vest, strekkjer området til byen seg heilt til kysten. Høgda til byen strekkjer seg frå 13 meter over havet (i Piazza del Popolo) til 120 meter over havet (toppen av Monte Mario). Heile kommunen Roma dekkjer eit areal på om lag 1 285 km¹, inkludert mange grøne område.

Klima endre

Roma har eit typisk middelhavsklima, som resten av kyststrøka av Italia og er mest komfortabelt frå april og ut juni, og frå midten av september til oktober. Den romerske ottobrate (ottobrata tyder om lag «vakker oktoberdag») er særleg kjend som ein solrik og varm dag. I august stig temperaturen ofte over 32 °C og tradisjonelt tar mange bedrifter ferie i august der romarane reiser frå byen til feriestadane. Denne trenden har derimot minka dei siste åra og byen har i aukande grad vore fullt funksjonell sommaren gjennom for å ta imot den aukande turismen, i tillegg til endringar i arbeidsvanane til innbyggjarane. Middeltemperaturen i desember er om lag 8 °C.

Klima Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Maks. temperatur [°C] 12 13 15 17 21 25 28 28 26 21 16 12 20
Min. temperatur [°C] 3 4 6 8 12 16 18 19 16 13 7 5 11
Nedbør (mm) 80 70 60 60 50 30 10 20 60 110 110 90 800

Historie endre

Antikken endre

 
Den antikken etruskiske bronsestatuen Lupa Capitolina som viser ulven som ammar spedborna Romulus og Remus, som ikkje var ein del av originalen, men som vart lagt til seint på 1400-talet.
 
«Alle vegar leier til Roma». Her Via Appia Antica.
 
Amfiteatret Colloseum

I følgje segna vart byen grunnlagd av tvillingane Romulus og Remus den 21. april 753 fvt., og arkeologiske funn støttar teorien om at Roma voks fram rundt ein jordbruksbusetnad ved Palatinerhøgda i området der Det romerske forumet seinare kom til å ligge. Byen voks seg til hovudstad i Det romerske kongedømet (i følgje segna styrt av sju etterfølgjande kongar), Den romerske republikken (frå 510 fvt., styrt av det romerske senatet og til slutt Romarriket (frå 27 fvt., styrt av ein keisar). Denne suksessen kom som følgje av militære erobringar, overtaket på handelen i området, og ei utvald tilpassing av omliggande sivilisasjonar, særleg etruskarar og grekarar. Frå grunnlegginga av Roma i 753 fvt. var byen Roma militært ubeseira (sjølv om dei tapte enkelte slag) fram til 386 fvt. då Roma vart okkupert av keltarar (ein av dei tre store galliske stammene) og så tatt tilbake av romarane same året. I følgje soga gav gallarane eit tilbod om å gje Roma tilbake for om lag 500 kg gull, men romarane avslo tilbodet og ville heller ta byen tilbake med våpen.

Den romerske dominansen strekte seg over det meste av Europa og kystområda av Middelhavet, og på det meste over ein million menneske. I nesten tusen år var Roma den politisk viktigaste, rikaste og største byen i den vestlege verda og var så heilt til nedgangstida til Romarriket byrja og til riket til slutt vart delt i to. Roma mista etter kvart statusen som hovudstad til Milano og så Ravenna, og mista etter kvart prestisje til den austromerske hovudstaden Konstantinopel.

 
Santa Maria Maggiore er eit av dei tidlegaste symbola på kristendom i byen.

Mellomalderen endre

Under biskop Constantine I, fekk biskopen av Roma politisk makt i tillegg til religiøs makt og biskopane vart etter kvart kjend som paven og Roma vart senteret for den katolske kyrkja. Etter Alarik I si plyndring av Roma og Vestromarriket sitt fall i 476 fvt. vart Roma vekselvis styrt av austromarane og germanske barbarar på plyndringstokt. Folketalet fall til om lag 20 000 tidleg i mellomalderen som budde i grupper av busette bygningar mellom store område med ruinar og vegetasjon. Roma var formelt ein del av Austromarriket fram til 751langobardar til slutt avslutta eksarkatet Ravenna. I 756 gav Pipin den yngre paven mellombels styre over Roma og dei omliggande områda, og skapte slik Kyrkjestaten.

Roma vart verande hovudstaden i Kyrkjestaten fram til det vart annektert av Kongedømet Italia i 1870. Byen vart ein stor pilegrimsstad under mellomalderen og stridane mellom pavedømet og Det tysk-romerske riket starta med Karl den store, som vart krona som den første keisaren i Roma i jula år 800 av pave Leo III. Bortsett frå korte periodar som sjølvstendig by i mellomalderen hadde han status som paven sin hovudstad og «heilag by» i fleire hundreår, sjølv då paven ein kort periode flytta til Avignon (13091337). Sjølv om han ikkje lenger var like politisk mektig, noko den brutale plyndringa av byen i 1527 viste, vart han eit senter for kultur og kunst under renessansen og barokken med støtte frå paven.

1600- til 1800-talet endre

Folketalet steig igjen og på 1600-talet passerte det 100 000 innbyggjarar, men Roma låg bak resten av dei europeiske hovudstadane dei neste hundreåra og vart stort sett opptatt med motreformasjonen. Roma var åstad for nasjonalistiske opprør på 1800-talet og to gonger fekk det og mista igjen sjølvstende, og Roma vart fokuset for håpet om ei samling av Italia. I 1861 vart Kongedømet Italia oppretta, styrt av kong Vittorio Emanuele II og etter at det franske vernet enda i 1870 storma kongen sine troppar byen og Roma vart erklært hovudstad i det nye, samla Italia i 1871.

1900-talet endre

Etter sigeren i den første verdskrigen var Roma vitne til at den italienske fascismen kom til makta under Benito Mussolini, som marsjerte mot byen i 1922 og etter kvart erklærte opprettinga av det nye italienske riket og allierte Italia med Nazi-Tyskland. Dette var ein periode med sterk vekst i byen, frå 212 000 menneske i 1871 til meir enn ein million, men denne trenden stoppa opp under den andre verdskrigen, der Roma vart øydelagd av både allierte si bombing av Roma og nazistane sin okkupasjon. Etter at Mussolini var avretta og slutten av krigen, vart monarkiet etter ei folkeavstemming avskaffa til fordel for Republikken Italia.

Roma voks kraftig etter krigen og var ein av dei drivande kreftene bak «det italienske økonomiske miraklet» under gjenoppbygginga og moderniseringa etter krigen. Han vart ein moteby i 1950- og tidleg i 1960-åra og åra med la dolce vita («det søte livet») og folketalet voks til 2,8 millionar innbyggjarar på midten av 1980-åra. Etter den tid har folketalet minka litt etter som innbyggjarane har byrja å flytta til omliggande kommunar, særleg på grunn av stor trafikkproblem og aukande forureining. Dei siste åra har folketalet igjen auka.

Verdt å sjå endre

Styresmakter endre

Virginia Raggi er borgarmeister i 2018.

Tidlegare borgarmeistre er mellom anna Walter Veltroni.

Kjende personar frå Roma endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Roma
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Roma
  Reiseguide for Rome frå Wikivoyage