Abbadidane
(Omdirigert frå Abbadidar)
Abbadidane var eit arabisk dynasti som herska i Sevilla frå 1023 til 1091. Abbadidane vart grunnlagd då den siste kadien i Sevilla, Abu al-Kasim Muhammad ibn Abbad, erklærte Sevilla uavhengig frå det omajjaddiske kalifatet i Cordoba. Kalifatet vart styrta i 1031. Då sonesonen til Abbad, Muhammad ibn Abbad al-Mutamid var truga av den kristne kongen Alfonso VI av Castilla måtte han ha hjelp frå almoraviden Yusuf ibn Tashfin, fyrsten av Marokko. Yusuf sigra over Alfonso, men vende seg deretter mot el-Mutamid sjølv og erobra Sevilla i 1091 og enda med det abbadid-dynastiet sitt velde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Abbadid dynasty» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2008.