Sevilla
Sevilla er det kunstnariske, kulturelle og økonomiske senteret i det sørlege Spania. Han er regionshovudstad i Andalucía og i provinsen Sevilla. Byen ligg på sletta ved elva Guadalquivir, om lag 7 meter over havet. Innbyggjarane i byen vert kalla sevillanos (feminin form Sevillanas) eller Hispalenses. Byen har kring 700 000 innbyggjarar, men i storbyområdet bur det i underkant av 1,5 millionar menneske. Det gjer Sevilla til den fjerde største byen i Spania.
Sevilla | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Andalucía | ||||
Provins | Sevilla | ||||
Grunnlagd | 700-800-talet fvt. | ||||
Borgarmeister | Juan Espadas Cejas | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
140 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2009) - folketettleik - Storbyområde |
704 414 5 031,5 /km² 1 450 214 | ||||
Koordinatar | 37°22′38″N 5°59′13″W / 37.37722°N 5.98694°W | ||||
Høgd over havet | 7 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 41001-41080 | ||||
Nettstad: www.sevilla.org |
Byen var setet for Verdsutstillinga i 1929 og EXPO´92, som vart arrangert sommaren 1992.
To av dei betre fotballlaga i Spania finst i byen, Real Betis Balompié og Sevilla FC, begge spelar i den øvste spanske divisjonen.
Sevilla har tre bygningar på UNESCO si verdsarvliste: La Catedral, El Alcázar og El Archivo General de Indias. De tre bygningane ligg like nær kvarandre i sentrum av Sevilla.
Sørvest for byen ligg Morón flybase.
Historie
endreSevilla er meir enn 2000 år gammal. Dei forskjellige folkeslaga som har dominert byen i alle desse åra har gjeve byen ein særeigen atmosfæren med eit stort bevart historiske senter. Byen har vore mykje påverka av arabisk kultur, noko einkan sjå i dei mest kjende monumenta og stadane.
Byen vart i romartida kalla Hispalis. Den nærliggande romarbyen Italica er velbevart og gjev eit inntrykk av korleis Hispalis kan ha sett ut i den seinare romerske perioden. I Sevilla finst i dag restane etter ein romerske akvedukt.
Etter at vandalane og vestgotarane erobra den romerske provinsen Hispania Baetica på 400- og 500-talet, vart byen erobra av maurarane i 712 og fekk då namnet Išbīliya (إشبيلية), som det noverande namnet «Sevilla» kjem frå. Det var eit viktig senter i det muslimske Andalucía og var verande under muslimsk kontroll, under dynastia til umayyadane, almoravidane og almohadane før han fall til Fernando III i 1248. Byen har mange spor etter maurarane, mellom anna store delar av bymuren.
Etter reconquista utvikla byen seg vidare og det vart bygd fleire offentlege bygg, som kyrkjer. Mange av kyrkjene var i Mudéjar-stil. Seinare opplevde byen ei gullalder som førte mykje rikdom til byen. Dette kom av at Sevilla hadde monopol på handel med dei spanske områda i Den nye verda. Etter at Guadalquivir vart fylt med mudder vart det økonomiske nedgangstider i byen.
Den store pesten i Sevilla i 1649 tok livet av nesten halve byen og han kom seg ikkje skikkeleg på fote att før tidleg på 1800-talet.[1]
På 1800- og 1900-talet vart Sevilla industrialisert og folketalet voks.
Sevilla fall raskt for troppane til general Francisco Franco i byrjinga av den spanske borgarkrigen i 1936, sidan han var ein av dei første byane invasjonsstyrken frå Marokko kom til. Etter at byen først var erobra, auka motstanden i arbeidarklassen i byen ei stund, før sterke represaliar stoppa dette.[2][3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Seville» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: