Abbetal

Abbetalet (kjent òg som V-talet eller konstringensen) av eit transparent materiale, er eit mål for materialet sin optiske dispersjon (variasjon i brytningsindeks med bølgjelengda til lyset) i høve til brytningsindeksen. Talet er kalla opp etter den tyske fysikaren Ernst Abbe (1840–1905), som definerte talet.

Eit Abbediagram plottar abbetalet mot brytningsindeksen for ei rekke ulike glas (raud prikk). Glasa er klassifisert etter Schott Glass letter-number code for å spegle deira posisjon i diagrammet.
Påverknad ved tillegg av utvalde glass på Abbetalet i eit spesifikt basisglass.[1]

Abbetalet V av eit materiale er definert som

der nD, nF og nC er brytningsindeksane til materialet ved bølgjelengda for Fraunhofer D-, F- og C- spektrallinene (589.2 nm, 486.1 nm og 656.3 nm respektivt). Materiale med låg dispersjon (låg kromatisk aberrasjon) har ein høg verdi for V.

KjelderEndra

  1. Abbe number calculation of glasses