Abdullah II av Jordan

Abdullah II ibn al-Hussein av Jordan (fødd 30. januar 1962) er konge av det hasjemittiske kongeriket Jordan. Han overtok som konge den 7. februar 1999 etter at kong Hussein av Jordan døydde. Kong Abdullah reknar slekta si, hasjemittane, attende til profeten Muhammed.

Abdullah II av Jordan
Abdullah II of Jordan (January 2020).jpg
Arabiskعبدالله الثاني بن الحسين
Fødd30. januar 1962
FødestadAmman
Gift medRania av Jordan
DynastiHasjimittane
FarHussein av Jordan
MorMuna al-Hussein
BornHussein bin Abdullah, Salma bint Al Abdullah, Prince Hashem bin Al Abdullah, Prinsesse Iman bint Abdullah

Han har saman med kona si, dronning Rania, fire born. Dei fire borna er: prins Hussein (f. 1994), prinsesse Iman (f. 1996), prinsesse Salma (f. 2000) og prins Hashem (f. 2005).

Den 28. november 2004 vart kronprinstittelen teken frå broren prins Hamzah. Etter arvefølgjereglane blei kongssonen Hussein rekna som kronprins, sjølv om han ikkje var formelt utnemnd. 2. juli 2009 blei Hussein formelt gjort til kronprins gjennom kongeleg dekret.[1]

Kong Abdullah vart i 2000 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

KjelderEndra

  1. «Jordan's king names son, 15, as crown prince». Reuters. 3. juli 2009. Henta 23. september 2017. 

BakgrunnsstoffEndra