Amman (arabisk عمّان ʿAmmān) er hovudstaden og den største byen i Jordan. Han er det politiske, kulturelle og kommersielle senteret i yben og ein av dei eldste, kontinuerleg busette byane i verda. Stor-Amman har eit folketal på 2 842 629 (2010).[2] Amman har i nyare år hatt ein økonomisk vekst som har vore langt større enn andre arabiske byar utanfor området kring Persiabukta. Amman er òg det administrative senteret i Amman guvernement.

Amman
عمّان
by
Flagg
Land  Jordan
guvernement Amman guvernement
Koordinatar 31°56′59″N 35°55′58″E
Areal 1 680 km²
Folketal 1 919 000  (2010)[1][2]
 - storby 2 125 000
Folketettleik 1 142 / km²
Grunnlagd 7000 fvt.
 - grunnlagd 1 1909
Borgarmeister Akel Biltaji
Postnummer 11110-17198
Retningsnummer +962(6)
Kart
Amman
31°57′0″ N 35°55′0″ E
Wikimedia Commons: Amman
Nettstad: Amman City

Amman er eit stort turistmål i regionen og er særleg populær blant innbyggjarar rundt Persiabukta.[3]

Historie endre

 
Herkulestempelet med romerske søyler ved Jabal al-Qal'a.
 
Amman seint i 1960-åra.

Arkeologi endre

Gjennom den lange historia si har Amman vore busett av mange sivilisasjonar. Den første kulturen som er registrert her var under førkeramisk yngre steinalder B, kring 7250 fvt.. Arkeologiske funn i 'Ain Ghazal, aust i Amman, synte både spor etter busetnad og kunstnarisk arbeid, som indikerer at det var ein godt utvikla kultur som budde i området.[4] Ein har funne ein megalittisk menhir i Amman ved Wadi Saqra.[5]

Oldtida endre

På 1200-talet fvt. vart Amman kalla Rabbath Ammon eller Rabat Amon av ammonittane . I Det gamle testamentet vart han kalla Rabbat ʿAmmon. Han vart seinare erobra av assyrarane, etterfølgd av persarane, og så av gresk makedonarar. Ptolemaios II Filadelfos, den makedonske herskaren av Egypt, gav byen namnet Filadelfia (gammalgresk Φιλαδέλφεια). Byen vart ein del av det nabateiske kongedømet fram til 106 evt. då Filadelfia vart ein del av Romarriket og Dekapolis.[6]

Nyare tid endre

Byen vart øydelagd av fleire jordskjelv og naturkatastrofar og var ein liten landsby i ein haug med ruinar fram til tsjerkessarar slo seg ned her i 1878.[7] Byen byrja å utvikle seg då den osmanske sultan valde å leggje Hejazbanen, mellom Damaskus og Medina innom Amman, og med dei mange pilegrimsfarande og handelen dette medførte, voks byen raskt.[treng kjelde]

I 1921 valde Abdullah I Amman føre As-Salt som sete for regjeringa i den nye staten han oppretta, emiratet Transjordan, og seinare vart han hovudstaden i det hashimittiske kongedømet Jordan. Sidan det ikkje var noko palassbygning her, byrja han å styre frå stasjonen, og hadde kontoret sitt i ei togvogn. Amman var ein liten by fram til 1948, då det strøymde til med palestinske flyktningar frå Palestina etter den arabisk-israelske krigen i 1948.

I 1970 var Amman åstad for store samanstøytar mellom Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) og den jordanske hæren. Alt kring Kongepalasset fekk store granatskadar. Folketalet i byen fortsette å vokse raskt (med stadig fleire flyktningar frå Vestbreidda og Irak). Etter 1948 vart den neste bølgja med flyktningar etter seksdagarskrigen i 1967. Ei tredjebølgje av palestinske, jordanske og søraustasiatar, kom til Amman frå Kuwait etter Golfkrigen i 1991. Den første bølgja med irakiske flyktningar slo seg ned i byen etter den første Golfkrigen, og den andre bølgja kom etter Irakkrigen i 2003. Dei siste ti åra er det bygd mange nye bygg i byen, og nye bydelar har oppstått raskt, særleg vest i byen. Dette har ført til stort press på dei alt knappe vassressuraane i området.

Den 9. november 2005 råka koordinerte eksplosjonar tre hotell i Amman, der 60 personar mista livet og 115 andre vart skadde. Al-Qaida tok på seg ansvaret for handlinga, trass i at fødestaden til den dåverande terroristleiaren Abu Musab al-Zarqawi var byen Zarqa, som ligg mindre enn 30 km frå Amman. Brutaliteten i åtak, mellom anna retta mot eit bryllaup på eit av hotella, gørte til omfattande sinne hos jordanarane. Store demonstrasjonar følgde etter åtaka.

Geografi endre

 
Amman i 1940.
 
Kjelde i eit velståande nabolag i hovudstaden.
 
Ei ortodoks kyrkje med snø i Amman.

Amman ligg i eit åslandskap nordvest i Jordan. Byen var opphavleg bygd over sju åsar, men dekkjer no eit område på 19 åsar (kvar av dei med Jabal eller Tál i namnet). Hovudområda til Amman er kalla opp etter desse åsane. Byen ligg i ei høgd frå 700 til 1100 meter over havet.

Klima endre

Plasseringa til Amman i fjella og relativt nær Middelhavet gjer at det har eit kaldt halvtørt klima (Köppen si klimaklassifisering: BSk) Byen har varme til steikande, tørre somrar, medan det kjem noko nedbør om vinteren og temperaturen er frå mild til kjølig.[8] Våren er kort, mild og varer mindre enn ein månad, frå april til mai, med noko regn om morgonen og ettermiddagen. Maks.temperaturane er kring 15 til 20 °C og min.temperaturane under 10 °C og fleire gonger nær 0 °C, slik at det blir frost.

Sommaren i Amman startar i midten av juni og varer til midten av september. Om sommaren er dagtemperaturen frå 25 °C til 30 °C, vanlegvis med låg til moderat fukt, og ein bris som kjøler ned. Dei fleste somrane er heilt utan regn med skyfri himmel, men med utrygt for korte regnbyer eller tåke om natta.

Vinteren starta vanlegvis seint i november eller tidleg i desember og varer til seint i april. Temperaturane er vanlegvis nær eller under 10 °C, med snø vanlegvis nokre gonger kvart år.[9] Det er ofte tåke om vinteren, kring 120 dagar av året.[9] Snøtunge dagar skjer fleire gonger i året, men på grunn av høgdeskilnader kjem det meir snø nord og vest i Amman (der høgda er over 1000 moh) medan det samstundes kan vere regn i sentrum av byen, som ligg 776 moh. Det kan snø heilt frå november til slutten av mars.

Vêrdata for Amman
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 23,6 28,9 30,4 36,2 37,9 40,3 44 43,8 40 38,2 34,6 26,3 44
Gjennomsnittleg maks °C 12,3 13,7 17,2 22,6 27,8 30,8 32 32,4 30,7 27,1 20,4 14,4 23,5
Gjennomsnittleg min °C 3,6 4,2 6,1 9,5 13,5 16,6 18,5 18,6 16,6 13,8 9,3 5,2 11,3
Lågast målte °C −10 −9,5 −8,2 −2,6 −0,9 3,2 7 5,4 0 −1,8 −4,5 −7,8 −10
Gjennomsnittleg nedbør mm 63,4 61,7 43,1 13,7 3,3 0 0 0 0,3 6,6 28 49,2 269,3
Gns. dagar med regn 11 10,9 8 4 1,6 0,1 0 0 0,1 2,3 5,3 8,4 52
Gns. solskinstimar i månaden 179,8 182 226,3 266,6 328,6 369 387,5 365,8 312 275,9 225 179,8 3 298,3
Kjelde: World Meteorological Organization[10]Hong Kong Observatory(sun, 1961–1990)[11]


Bydelar endre

Byen vert styrt som Stor-Amman kommune (GAM) og dekkjer 27 bydelar som omfattar:[12]

1 Âbdali 4 Qwésmé, Jwaydé, Abu Âlanda og Raqim 7 Müwaqar 10 Bader è Jadida 13 Jbeyha 16 Mārka 19 Ohod 22 Şhafa Badran 25 Tlaâ’l Âli
2 Abu Nsér 5 Yarmuk 8 Mqabalayen 11 Basmān 14 Khraybet essouq 17 Médina 20 Rās ıl Êyn 23 Swéyleh 26 Vādi'l Sér
3 Um-Ožayna 6 Jizah 9 Bader 12 Hüsbān 15 Marj ıl Hamām 18 Naûr 21 Sahāb 24 Tariq 27 Zahrān
 
Flyfoto av Amman
 
Rundkøyring i Amman

Samferdsle endre

 
Bybuss

Den største flyplassen i byen er Queen Alia internasjonale lufthamn, og ligg kring 30 km sør for Amman. Dette er den største internasjonale flyplassen i Jordan og hovudbasen til Royal Jordanian, det nasjonale flyselskapet. Flyplassen vart nyleg utvida og oppgradert og kan ta i mot over 12 million passasjerar i året. Amman sivile lufthamn er ein flyplass med ein terminal som hovudsakleg tar seg av innanlandsruter, nærliggande internasjonale ruter og det militære.[13]

Abdounbrua går over Wadi Abdoun og knyter den 4. ringvegen til Abdoun-ringvegen. Han vert rekna som eit av dei mange landemerka i Amman. Det var den første boga hengebrua som vart bygd.

Det er planar om å utvide bussnettverket i byen og byggje ein undergrunnsbane med tre linjer.

Økonomi endre

 
Amman
 
Souk JARA.

Amman er eit senter for forretningar og nye høghus endrar stadig bybiletet. Etter Irak-krigen i 2003, har mange forretningsverksemder med Irak gått via Amman.

Amman og Jordan tar i mot mange turistar, særleg medisinske turistar. Amman tar i mot 250 000 utanlandske pasientar kvart år og får på dette inn over 1 mrd. dollar i året.[14]

Rubicon Group Holding og Maktoob, to store IT-selskap i regionen, er basert i Amman.

Turisme endre

Amman er den åttande mest vitja byen av turistar og forretningsfolk i Midtausten og Afrika. 1,8 million turistar vitja Amman i 2011 og la att 1,3 mrd. dollar i byen.[15]

Utdanning endre

I 2010 var det så mange som 14 universitet i Amman. Universitetet i Jordan er det største universitetet i Amman, Applied Science Private University vart rangert som det største pirvate universitetet.

 
Ein historisk bygning i Jabel Webdeh
 
Ein moabittisk sarkofag i Jordan arkeologiske museum.

Idrett endre

Dei Amman-baserte fotballklubbane Al-Wehdat og Al-Faisaly har vunne nasjonale titlar mange gonger.

Amman er vertskap for Jordan rally, som er ein del av FIA World Rally Championship, og dette vart den største idrettshendinga som har blitt halde i Jordan.

Media endre

Det er mange radiostasjonar i Jordan, og dei fleste er baserte i Amman, og det same er dei fleste jordanske avisene og nyhendestasjonane. Av jordanske dagsaviser i Amman finn ein Alghad,[16] Ad-Dustour,[17] og The Jordan Times.[16]

Turistmål endre

 
Omajadepalasset på toppen av Jabal al-Qal'.

Mange av turistmåla i Amman ligg i gamlebyen, med senter kring den gamle marknaden og Kong Hussein-moskeen. Dei største turistmåla i byen er :

  • Sentrumsområdet (lokalt kalla al-Balad) har framleis ein gammal karaketer, sjølv om området rundt er eit moderne byområde. Jabal Amman er ein kjend turistattraksjon i gamle Amman, med dei største marknadane i hovudstaden, fine museum, gamle bygg, monument og kulturstader.
  • Citadellåsen i Amman, kalla Jabal al-Qal'a, med Herkulestempelet, som er sagt å ha blitt bygd under den romerske keisaren Marcus Aurelius som regjerte frå 161 til 180 evt, og minnar om Artemistempelet i Efesos. Det har vore busett i hundreår og er ein viktig militær og religiøs stad. Han er datert attende til romersk og bysantinsk tid, og seinare er det gjort endringar her i tidleg islamsk tid. Det er grave fram ruinar i nord- og austenden av citadellet, som kanskje er datert attende til bronsealderen.
  • Det romerske forumet og romerske teateret — det største teateret i Jordan — med plass til 6 000 tilskodarar. Ein trur at det vart bygd mellom 138 og 161 evt. av den romerske keisaren Antoninus Pius, og vert i dag framleis nytta til forskjellige kulturføremål.

I Jordan arkeologiske musem finn ein mange funn frå oldtida frå heile landet.

Den nyaste moskeen er den enorme Kong Abdullah I-moskeen, som vart bygd mellom 1982 og 1989. På toppen har han ein stor blå mosaikk-kuppel med plass til 3000 bedande muslimar under. Den mest uvanlege moskeen i Amman er Abu Darweesh-moskeen på toppen av Jabal Ashrafieh (det høgaste punktet i byen). Det er dekt med svart og kvitt rutemønster, som er unikt i Jordan. Han er synleg frå lang avstand.

 
Wakalat-gata

Uteliv endre

Amman vert rekna som ein av dei mest «vestlege» og liberale byane i den arabiske verda. Amman har blitt eit populært mål for «vestlege» utlendingar og studentar som ønskjer å bu, arbeide eller studere i Midtausten. Her finst restaurantar med alle typar mat frå heile verda, og det vert servert alkohol på restaurantar, barar, nattklubbar og til og med supermarknader.[18]

Det finst mange nattklubbar og barar i byen, særleg i Vest-Amman. I 2011 var det registrert 77 nattklubbar i Jordan (utanom barar og pubar), dei fleste av dei i Amman.[19]

Venskapsbyar endre

Amman er venskapsby med:[20]

Kjelder endre

  1. «Amman (Jordanien) - Infos, Sehenswürdigkeiten und Klima». Frendy.de. Henta 1. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Amman population in 2011 - Evi». Trueknowledge.com. Henta 1. oktober 2015. 
  3. IANS/WAM (26. november 2010). «Abu Dhab duke City' in MENA region». sify news. 
  4. Carlos E. Cordova (17. mai 2007). Millennial Landscape Change in Jordan: Geoarkeologi and Cultural Ecology. University of Arizona Press. s. 135–. ISBN 978-0-8165-2554-6. Henta 5. oktober 2012. 
  5. BAR S2317, Maison de l’Orient Méditerranéen, "Pierres levées, stèles anthropomorphes et dolmens / Standing stones, anthropomorphic stelae and dolmens" edited by Tara Steimer-Herbet; Maison de l’Orient et de la Méditerranée Jean Pouilloux. ISBN 9781407309002, 210 pages; illustrated throughout; papers in English and French, 2011
  6. «Amman». Magicjordan.net. Arkivert frå originalen 17. mai 2014. Henta 1. oktober 2015. 
  7. «Amman Centennial | Frå end of the Ummayad era till 1878». Web.archive.org. 12. februar 2010. Arkivert frå originalen 12. februar 2010. Henta 1. oktober 2015. 
  8. «Average Weather In oktober For Amman, Jordan». WeatherSpark. 26. oktober 2012. Henta 1. oktober 2015. 
  9. 9,0 9,1 «Real Estate in Amman and Jordan for Apartments and Villas - Rent & Buy». Cityscape.jo. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  10. «World Weather Information Service – Amman». World Meteorological Organization. Henta 5. oktober 2015. 
  11. «Climatological Information for Amman, Jordan». Hong Kong Observatory. Arkivert frå originalen 26. oktober 2019. Henta 5. oktober 2015. 
  12. «Greater Amman Muncipality - GAM Interactive». Ammancity.gov.jo. Arkivert frå originalen 9. januar 2015. Henta 1. oktober 2015. 
  13. «Accelerating passenger growth at Jordan’s QAIA suggests confidence returning». Al Bawaba. 1. august 2011. Henta 1. oktober 2015. 
  14. «‘Jordan remains medical turisme hub despite regional unrest’». The Jordan Times. 18. mars 2012. Henta 1. oktober 2015. [daud lenkje]
  15. MasterCard Worldwide. «MasterCard Worldwide's Global Destination Cities Index». Slideshare.net. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 1. oktober 2015. 
  16. 16,0 16,1 «الرأي الأردنية | أخبار الأردن والشرق الأوسط والعالم|صحيفة يومية تصدر في عمان الأردن». Alrai.com. Henta 1. oktober 2015. 
  17. «:: جريدة الدستور ::». Addustour.com. Henta 1. oktober 2015. 
  18. Ferren, Andrew (22. november 2009). «A Newly Stylish Amman Asserts Itself». The New York Times. Henta 1. oktober 2015. 
  19. «3% of Nightclub women are jordanske | Editor's Choice | Ammon News». En.ammonnews.net. 19. januar 2011. Henta 1. oktober 2015. 
  20. «Amman’s Relations with Other Cities». Ammancity.gov.jo. Arkivert frå originalen 7. mars 2005. Henta 1. oktober 2015. 
  21. «Sister Cities». Beijing Municipal Government. Arkivert frå originalen 16. juli 2017. Henta 1. oktober 2015. 
  22. «Pesquisa de Legislação Municipal - No 14471» [Research Municipal Legislation - No 14471]. Prefeitura da Cidade de São Paulo [kommune of the City of São Paulo] (på portugisisk). Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 1. oktober 2015. 
  23. Lei Municipal de São Paulo 14471 de 2007 WikiSource
  24. «International Relations – São Paulo City Hall – Official Sister Cities». Prefeitura.sp.gov.br. Henta 5. oktober 2015. 
  25. Chicago Commission on Human Relations (2010). 2010 Annual Report (PDF). s. 22. Arkivert frå originalen (PDF) 26. oktober 2018. Henta 5. oktober 2015. 
  26. «Milano – Città Gemellate». copy© 2008 kommune of Milan (Comune di Milano). Arkivert frå originalen 10. april 2014. Henta 1. oktober 2015. 
  27. «Sarajevo Official Web Site: Venskapsbyar». Sarajevo.ba. Arkivert frå originalen den 12. april 2009. Henta 16. oktober 2014. 
  28. «Mostar Gradovi prijatelji» [Mostar Twin Towns]. Grad Mostar [Mostar Official City Website] (på makedonsk). Arkivert frå originalen 30. oktober 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  29. «Borgarmeister Newsom Signs New Sister City Agreements with City of Amman i Jordan» (Press release). San Francisco Office of the Mayor. April 23 i 2010. Arkivert frå originalen 28. november 2012. Henta September 16 i 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Amman frå Wikivoyage