Abelvær Gård er ein handelsstad og gard som ligg i Nærøysund kommune. Handelsstaden har røter attende til 1600-talet, og har vore eigd av familien Brandtzæg sidan 1802. Bygningane som står i dag vart bygde i perioden 1840 til 1872.[1]

Abelvær Gård
Foto: Øyvind Holmstad

Gjester kan overnatte i leilegheit med sjølvhushald, eller i rom i Butikkbygningen. På serveringslokalet Styrmanden blir det servert kaffe, kaker og småretter, i tillegg til lunsj eller middag for inntill 20 personar på bestilling.

18. juni 2009 vart Abelvær Gård tildelt Olavsrosa av stiftinga Norsk Kulturarv.[2]

Kjelder endre

  1. «Abelvær Gård». olavsrosa.no. Henta 4. september 2013. 
  2. «Abelvær Gård». abelvaer.no. Henta 4. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre