Olavsrosa er eit kvalitetsmerke som er tildelt av stiftinga Norsk Kulturarv til verksemder som tilbyr opplevingar som byggjer på norsk kulturarv.[2]

Olavsrosa er eit førkristent vernesymbol som skulle verne mot vonde makter. I dag er det kvalitetsstempel frå Norsk Kulturarv.[1]
Nordre Ekre i Heidal vart tildelt Olavsrosa i 2004

Kriterium endre

Kvalitetsmerket Olavsrosa «blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling.»[2] For at prisen skal verte utdelt må kandidaten fått vurdert den kulturhistorieske verdien sin, korleis kulturarven vert teken vare på og ført vidare til publikum. Kandidatar som får tildelt merket er underlagt ein årleg kontroll og ei årleg rapportering. Merket kan brukast til profiliering og marknadsføring av verksemder som har fått det tildelt, men det kan også trekkjast attende dersom kriteria ikkje lenger er møtte.

Kandidatane sjølve må søkje om å få tildelt prisen[3], og dei må kunne dokumentere visse krav som vert stilte i søknadsskjemaet.[4] Eksterne nominasjonar vert derfor ikkje realitetsbehandla.

Utforming endre

Symbolet for varemerket Olavsrosa byggjer på figuren olavsrose, ei form for valknute, eit gamalt symbol for vern. Figuren er grøn og har omskrifta «NORSK KULTURARV • NORWEGIAN HERITAGE». Figuren vart i 1996 registrert som varemerke for Norsk Kulturarv.[5]

Verksemder som er tildelt Olavsrosa endre

Følgjande verksemder var tildelt Olavsrosa i september 2013:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre