Aberystwyth
Aberystwyth
LandFlag of Wales (1959–present).svg Wales
Grunnlagt1109
Folketal12 250 (2010)
Plassering

Aberystwyth
52°25′0″ N 4°4′0″ W

Aberystwyth (engelsk uttale [æbəˈrɪstwɪθ], walisisk uttale [abɛrˈəstʊɨθ]) er ein by ved Cardigan Bay i Ceredigion i Wales.[1] Han er eit administrasjonssenter, gammal marknadsby og seinare feriestad i Nord-Wales. Byen blei grunnlagt i 1200 og hadde 17 183 innbyggjarar i 2016.[1] Aberystwyth er eit senter for walisisk kultur og ein universitetsby som huser rundt sju tusen studentar. University College of Wales blei skipa her i 1872, og husar nasjonalbiblioteket for Wales.[1]

Aberystwyth ligg nær samanløpet til elvene Ystwyth og Rheidol, som etterkvart munnar ut i havet omlag i midten av Cardiganbukta. Namnet på byen tyder 'munningen av Ystwyth'. Byen er omgjeven av tre åsar med utsyn over byen. På toppen Pen Dinas ligg ein stor festning frå jernalderen som framleis pregar horisonten.[1]

Aberystwyth Cliff Railway kabelbane går opp til Constitution Hill frå nordenden av strandpromenaden i byen. Dette er den lengste kabelbanen i Storbritannia.[1]

KjelderEndra