Opna hovudmenyen
Wales/Cymru

(norsk: Wales, walisisk)

Det walisiske flagget Det walisiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hen Wlad fy Nhadau»
Motto Cymru am byth ('Wales for alltid')
Offisielle språk engelsk og walisisk
Hovudstad Cardiff
Flatevidd
 – Totalt
 
20779 km²
Folketal
 – Estimert (2001)
 – Folketeljing (2011)
 – Tettleik
 
2 903 085
3063456
140/km²
Nasjonaldag 1. mars
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
USD (.)
Valuta britisk pund (GBP; £)
Tidssone UTC⁠ (Greenwich Mean Time)



Wales er ei halvøy sørvest på øya Storbritannia. Wales er ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Den britiske tronarvingen er kjend som Prince of Wales, prins av Wales, men han har inga politisk rolle i Wales.

Namnet «Wales» kjem av det germanske ordet for «annleis» (på same måte som Vallonia og Valakia har fått sine namn).

Wales har ikkje vore sjølvstendig sidan 1282, då landet vart erobra av kongen av England. Wales var frå 1707 til 1927 ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Etter den tid har Wales vore ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, i norsk språkbruk korta til Storbritannia. Wales vart styrt direkte frå London fram til 1999. Det keltiske særmerket er teke vare på og har frå 1800-talet danna grunnlag for ei nasjonalistisk rørsle, Plaid Cymru. Rørsla fekk i 1974 inn to representantar i det britiske parlamentet. Nasjonalforsamlinga for Wales utgjer i dag styresmakta, men har berre avgrensa mynde delegert frå det britiske parlamentet.

Det walisiske språket, kymrisk (eller walisisk) er eit keltisk språk som er nært i slekt med bretonsk i Bretagne. Det vert tala av om lag 550 000, spesielt i det nordlege Wales.

Innhaldsliste

Walisiske byar og staderEndra

Geografi og geologiEndra

Wales er fjellrikt, spesielt i nordlege og sentrale regionar. Wales har over 1 200 km med kystline og fleire øyar, og av dei den største Ynys Môn eller Anglesey i nordvest.

Cambrian Mountains («Desert of Wales») er ein serie av fjellkjeder som strekkjer seg frå Brecon Beacons-fjella i Sør-Wales til nordlege Carmarthenshire og Ceredigion og vidare til Snowdonia i Nord-Wales.

Den høgaste toppen i Cambrian Mountains er Pumlumon. Fjella er nedbørsområde for elvane Severn og Wye. Det er typelokalitet for kambriumperioden (542-488 mill. år sidan).

Berggrunnen vart danna ved overgangen frå prekambrium til kambriumtida ved danninga av mikrokontinentet Avalonia. Wales ligg i sentrale delar av dette mikrokontinentet og har gjennomgått fleire foldefasar. I nord finst Snowdonia og dei høgaste fjella. I sør finst ei relativt komplett lagrekkje av bergarter med mange klassiske typelokalitetar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wales