Abey eller Aabey (arabisk عبيه) er ein drusisk landsby i Libanonfjella, i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement. Han ligg 22 km frå Beirut i ei høgd på 800 meter over havet. Han grensar til Kfarmatta (sør), Bennay (aust), Damour (vest) og Ain Ksour (nord). Han ligg oppom Damour og hovudstaden Beirut og ein kan sjå Middelhavet frå nesten alle stader i landsbyen. Det høgaste punktet i Aabey er Mteyyar, der ein kan sjå dei fleste andre landsbyane i området frå.

Aabey
عبيه
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
Høgd 800 moh.
Koordinatar 33°44′13.18″N 35°31′32.70″E / 33.7369944°N 35.5257500°E / 33.7369944; 35.5257500
Folketal 4 000
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Abey
33°44′13″N 35°31′33″E / 33.736994444444°N 35.52575°E / 33.736994444444; 35.52575
Kart som viser Abey.
Kart som viser Abey.
Kart som viser Abey.
Wikimedia Commons: Aabey

Kjelder

endre