Abigail Adams
Abigail Adams (11. november 1744–28. oktober 1818) var den andre fyrstedama i USA, og blir rekna for å vere blant dei første feministane i moderne politisk historie. Ho var gift med president John Adams, den andre presidenten i USA, og mor til president John Quincy Adams.
Abigail Adams | |
Statsborgarskap | USA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 22. november 1744 Weymouth |
Død |
28. oktober 1818 (73 år) |
Yrke | politikar, skribent |
Språk | engelsk, latin, fransk |
Religion | Kongregasjonalistkirken |
Far | William Smith |
Mor | Elizabeth Quincy |
Ektefelle | John A. Adams |
Abigail Adams på Commons |
Adams blir hugsa for breva ho skreiv ektemannen medan han deltok på den kontinentale kongressen i Philadelphia. John Adams søkte råd hos kona i mange saker, og brevvekslinga deira inneheld intellektuelle diskusjonar om både forvalting og politikk. Breva er også sterke augevitneskildringar frå Den amerikanske sjølvstendekrigen.
Abigail Adams døydde av tyfus i 1818.
I TV-serien John Adams frå 2008 er ho tolka av Laura Linney.