Absalon Olsson Vereide

Absalon Olsson Vereide (177020. august 1852) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Gloppen i Nordfjord.

Absalon Olsson Vereide
Fødd 1770
Vereide
Død

20. august 1852 (81 år)
Vereide

Yrke bonde, politikar

Vereide var gardbrukar på farsgarden på Vereide i Gloppen. Han vart vald til 2. varamann for Nordre Bergenhus amt til Stortinget 1818. Her møtte han frå 13. april 1818 og ut sesjonen, i staden for Christian Magnus Falsen. Han var medlem av sju komitear, mellom dei om embetsbustader på landsbygda, handelspass på landsbygda og om hittegods. Ved neste stortingsval vart han vald til 3. representant for same valkrinsen. Han møtte i 1821, var då medlem av tre komitear, ein av dei var komiteen om odelslova. Grunna sjukdom møtte han ikkje på omframstortinget 1822.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra