Absorpsjonskoeffisient

Absorpsjonskoeffisienten α er den delen av energien i ei innfallande bølgje som vert absorbert. Dette kan vere til dømes lydbølgjer eller elektromagnetisk stråling. I SI-systemet vert eininga til absorpsjonskoeffisienten målt i inverse meter, og er representert med den greske bokstaven α.

Oversyn endre

I kjemi, biologi og fysikk er absorpsjonskoeffisienten eit mål på kor mykje lys eit spesifikt molekyl kan absorbere. Koeffisienten er nært knytt til absorpsjonstverrsnitt.

Kjennskap til absorpsjonskoeffisienten held berre for å skildre energiforplantinga gjennom eit homogent system. Forplanting gjennom hetrogene system er påverka av spreiing,[1]. Det meir generelle uttrykket demping tar hand om både absorpsjon og spreiing. Han vert mykje nytta i akustikk som dempingskoeffisient for å skildre partikkelstorleiksfordeling.[2],[3].

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Bohren,C. F. and Huffman, D.R., «Absorption and Scattering of Light by Small Particles», Wiley, (1983), isbn= 0-471-29340-7
  2. Dukhin, A.S. og Goetz, P.J. «Ultrasound for characterizing colloids», Elsevier, 2002
  3. ISO 20998-1:2006 «Measurement and characterization of particles by acoustic methods»