Abundantia

Abundantia er ei gudinne eller personleggjering av overflod i romersk mytologi. Ein finn framstillingar av henne på seinare romerske mynstar med overflodshorn som ho auser gåver ut av.

Sølvstatue av Abundantia ved Musée gallo-romain i Lyon.

Abundantia blei brukt som symbol på rikdommen keisaren sikra Romarriket. Ein ofra mat og drikke til henne for å få grøde og rikdom. I mellomalderen blei gudinna omtala som Domina Abundia i litteratur. På fransk heitte ho Dame Habonde, seinare Fée Abonde.

Det finst òg ei heilag Abundantia som skal ha døydd i 804. Asteroiden 151 Abundantia har namn etter gudinna.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Abundantia