L'Académie Julian var ein privat kunstskule for kunstmålarar og skulptørar som vart skipa 1866 i Paris i Frankrike av den franske kunstmålaren Rodolphe Julian (1839-1907). Skulen har skrive seg inn i kunstsoga som gjeld den turbulente perioden frå slutten av 1800-talet og fram mot 1930-åra, ettersom fleire av dei internasjonalt vidgjetne kunstnarane i denne tida hadde vore elevar ved skulen. For mange kvinner hadde l'Académie Julian dessutan vore det einaste utdanningsalternativet i lange tider, då kvinner var utelukka frå den offentlege kunstutdanninga på l'École nationale supérieure des beaux-arts fram til 1897. Dessutan gav l'Académie Julian sine kvinnelege elevar høve til å måle nakne menn etter levande mannlege modellar, som etter den vanlege oppfatninga til styresmaktene i desse tidene kjenneteikna låg kvinneleg moral som dei offentlege skulane ikkje skulle bidra til.

L'Académie Julian, målarstykke frå 1881 av den ukrainske målerinna Marie Bashkirtseff, oljefargar på lerret. No i kunstmuseet Dnipropetrowsk i Dnipro i Ukraina.
Rodolphe Julian ikring 1890.

Den spede byrjinga til skulen i 1886 gjekk ut på at Rodolphe Julian tok i mot elevar i atelieret i husværet sitt i ein leigegard i nr. 36 i la rue Vivienne i området les quartiers du Palais-Royal et Vivienne i 2e arrondissement i Paris. Husværet hadde vindauga vendt mot passage des Panoramas, ein overdekt, smal passasje frå 1799-1800 som gjekk mellom le boulevard Montmartre i nord og la rue Saint-Marc i sør, og som er ein av dei fyrste innelukka handlegatene i Europa. I 1868 opna Rodolphe Julian sin andre undervisningsstad i nummer 27 i gata la galerie Montmartre berre nokre meter unna.

For å skaffe seg elevar frå den kvinnelege parten av paris-bourgeoisiet sette han i 1876 i gang kurs reservert for kvinner, der menn berre ikledd underbuske vart engasjert som modellar. Desse kursa vart helde i høgda over det atelieret som var reservert for menn, så det hersket kjønnssegregering i undervisninga. I 1880 opna han i nummer 51 i rue Vivienne eit nytt atelier berre for kvinner, og det gjekk deretter slag i slag med nye atelier for anten menn eller kvinner. I 1902 hadde han seks atelier eller studio i Paris, med det største samla arealet for slikt bruk i denne perioden, og med eit dusin lærarar, mellom dei kjente målarar som Jules Lefebvre, Tony Robert-Fleury, Adolphe-William Bouguereau, Jean-Paul Laurens og skulptørar som Henri Bouchard og Paul Landowski.

Etter at Rodolphe Julian døydde i 1907, vart akademiet overteke av hans tidlegare elev og seinare ektefelle, Amélie Beaury-Saurel. Etter kvart vart akademiet spalta opp i dei einskilde faktorane som dei ulike undervisningsstadene representerte. Amélie Beaury-Saurel døydde i 1927, og ateliera i gata galerie Montmartre vart stengde i 1929.

Norske studentar ved l'Académie Julian endre

Bakgrunnsstoff endre