Wilhelm Rasmussen

norsk bilethoggar

Wilhelm Rasmussen (15. juni 18796. desember 1965) var ein norsk bilethoggar, fødd i Skien.

Wilhelm Rasmussen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1879
Skien kommune
Død

6. desember 1965 (86 år)

Yrke bilethoggar, professor
Politisk parti Nasjonal Samling
Ektefelle Putti Rasmussen
Wilhelm Rasmussen på Commons
Olav Tryggvason-monumentet i Trondheim, Rasmussen sitt hovudverk.

Under andre verdskrigen arbeidde Rasmussen for Nasjonal Samling, mellom anna gjennom utforminga av NS-monumentet på Stiklestad. Dette monumentet vart rive etter freden, og bautaen vart graven ned. Før krigen hadde Rasmussen byrja på arbeidet med Eidsvollmonumentet. Dette monumentet var tiltenkt ein plass på Eidsvoll eller framfor Stortinget, men vart liggande ureist til det på privat initiativ vart sett opp som Sagasøyla i Bøverdalen i Lom kommune i 1992.

Blant hovudverka til Rasmussen er elles statuen av Olav Tryggvason på torget i Trondheim og monumentet over kong Fredrik II i Fredrikstad. Frå 1907 til 1917 arbeidde han på vestfronten til Nidarosdomen.

Kjelder endre