Actium (gresk Άκτιο, Áktio eller Άκτιον, Áktion) var ein oldtidsby i Hellas, på ein odde på sørsida av innløpet til Ártabukta. Her dyrka akarnanarane Apollon Aktios. Ved Actium stod det eit avgjerande sjøslag mellom flåten til Octavian (under Agrippa) og flåten til Marcus Antonius og Kleopatra i år 31 fvt.. Slaget vart ein stor siger for Octavian og vert rekna som slutten på borgarkrigane i Romarriket.

Kjelder endre