Augustus

fyrste romerske keisaren
(Omdirigert frå Octavian)
For tittelen, sjå augustus og augusta.

Augustus (23. september -6319. august 14) var keisar av Romarriket frå år 30 fvt til år 14. Han vert rekna som den fyrste romerske keisaren og grunnleggjar av prinsipatet.[1][2] Som keisar vart han kalla Imperator Caesar Augustus (Latin IMP·CAESAR·DIVI·F·AVGVSTVS).

Augustus

Fødd23. september 63 f.Kr.
FødestadRoma
Død19. august 14
DødsstadNola
GravstadAugustus' mausoleum
Gift medClaudia, Scribonia, Livia Drusilla
DynastiJulo-claudiske dynasti, Julii Caesares, Octavii Rufi
FarGaius Octavius, Julius Cæsar
MorAzia maggiore
BornJulia the Elder, Gaius Cæsar, Lucius Cæsar, Tiberius av Romarriket, Marcus Postumus

Augustus vart oppfostra av onkelen sin, Gaius Julius Cæsar. Etter at Cæsar vart myrda i år 44 fvt utkjempa Augustus ein i borgarkrig med Marcus Antonius og kjempa mot Kleopatra av Egypt.

Fødenamnet til Augustus var Gaius Octavius. Namnet vart endra til Gaius Caesar Octavianus («den octavianske cæsar»), etter at Cæsar adopterte han straks før Cæsar vart myrda.

Sølvdenarius med keisar Augustus avbilda.

I Nytestamentet i Bibelen vert det skildra korleis keisar Augustus gjev ordre om at heile verda (dvs. heile Romarriket) skal skrivast inn i manntal. Manntalet vart utført kring år 4 fvt, då Jesus vart fødd.

Augustus døydde 76 år gamal og vart etterfylgd av Tiberius Julius Caesar (som keisar omtala som Tiberius).

Månaden august er oppkalla etter Augustus.

Kjelder

endre
  1. «Augustus | Biography, Accomplishments, Statue, Death, Definition, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 29. juli 2022 
  2. Steen, Tone; Iddeng, Jon Wikene (1. april 2022). «Augustus – første romerske keiser». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Augustus
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Augustus
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.